Smitte blant elevar på Vinstra vidaregåande skule

Det melder båe fronskommunene måndag kveld.

To elevar ved Vinstra vidaregåande skule har fått påvist koronasmitte måndag.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Det er to elevar ved Vinstra vidaregåande skule som måndag har fått påvist koronasmitte. Smitta vart påvist ved hurtigtest.

Ein av dei smitta er heimehørande i Nord-Fron, den andre i Sør-Fron.

Samtlege nærkontaktar testast måndag kveld. Smittekilda er kjend, melder kommunene i ei pressemelding.