Totalt 26 elevar smitta - utfører massetesting på skulen onsdag

Det er kommuneoverlege Anders Brabrand som opplyser om dette tysdag kveld.

Vinstra vidaregåande skule.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Brabrand stilte på direktesending på Facebook tysdag kveld for å orientere om smitteutbrotet blant elevar ved Vinstra vidaregåande skule. Det har etter helga auka på med positive testar, og på sendinga tysdag fortalte Brabrand at talet på smitta nå er oppe i totalt 26. Desse er heimehøyrande i dei tre midtdalskommunene. Ein elev er i frå Sel kommune.

- Det er mange på kort tid, men vi skal ikkje sjå oss blinde på dette talet. Alle som har testa positivt kan vi knytte til eitt spesielt arrangement, og det er kjent smittekjelde. Det er positivt. Så blir det sjølvsagt spennande å sjå om dette sprer seg vidare i miljøet, seier Brabrand.

Open skule

Kommuneoverlegen informerer om at det nå er ein heilt anna måte å handtere smitta på enn det var tidlegare. I staden for å stenge skulen og sette mange i karantene, vel ein heller å teste hyppig og fleire.

- Tidlegare stengte vi skulen da det var fire smitta, medan nå skal alle elevane få gå på skulen som normalt, og det er bra, seier Brabrand.

I morgon, onsdag, blir alle elevane på vidaregåande med hurtigtest. Dei som testar positivt blir sendt heim att.

Fredag blir det tatt ny massetesting.

- Ved å teste så hyppig fangar vi opp ein høgare andel av smitta, legg han til.

Det innførast eit testregime med tre testar på fem dagar, med to dagars mellomrom. Dette er jamngodt med karantene, for å hindre smittespreiing.

Onsdag og fredag blir det altså massetesting, medan kommuneoverlegen orienterte om at ein vidare plan for testing blir lagt i samråd med FHI.