Ber om hjelp frå innbggarane - kvar skal hytta ligge?

Sør-Fron kommune har takka ja til prosjektet "En dagsturhytte i alle innlandskommuner". Nå ber dei innbyggarane om forslag.

Illustrasjonsfoto: Slik blir dagsturhytta.  Foto: Peer Bull-Hansen/RAM arkitektur

Nyheter

Formålet med prosjektet til Innlandet fylkeskommune er å etablere ei hytte som er lett tilgjengeleg og som stimulerer til auka bruk av nærfriluftslivet.

Desse hyttene skal vera eit lågterskeltilbod for alle uavhengig av sosial, økonomisk og kulturell bakgrunn, og målsetnaden er ei dagsturhytte i kvar av dei 46 kommunane i fylket innan 2025. Målet er å sette opp hytta på Sør-Fron i 2023.


Slik blir dagsturhytta i innlandskommunene

RAM arkitekter vant konkurransen om «Dagsturhytta Innlandet».



Stort oppussingsprosjekt på Vinstra Kino:

Nå blir det film opptil tre ganger i uka: - Jeg håper ikke folk har glemt hvor kult det er å gå på kino

- Det blir mer film, og mer å kose seg med under filmen, sier kinosjefen.


Styrking av friluftslivet

Men kvar hytta skal ligge er ikkje bestemt enda, og Sør-Fron kommune ber innbyggarane om forslag.

Sør-Fron kommune er ein friluftskommune. Gjennom ulike prosjekt som kommunen har engasjert seg i og støtta gjennom dei siste åra, er nærfriluftslivet vektlagt i stor grad.

Dei håper at ei dagsturhytte er ei god vidareføring av denne satsinga, og ytterlegare ei styrking av nærfriluftslivet i Sør-Fron. Dette skris kommunen på sin heimeside.


Hun blir den nye biblioteksjefen i Nord-Fron: - Vil bidra til å se ting med nye øyne

Nå ser den spente bibliotekaren fram til å ta fatt på en enda større brukergruppe.



Rune vart heidra da fire lokale fotoklubbar arrangerte nasjonal fotofestival: - Gir inspirasjon til å fortsetje

Rune Hermansen vart heidra frå NSFF for sin innsats i fotomiljøet tidlegare i september.


Skal vere tilgjengeleg

Fylkeskommunen har sett følgjande kriterium for plassering av dagsturhytta:

  • Turmålet skal vere lett tilgjengeleg og stimulere til auka bruk av nærfriluftslivet.
  • Startpunktet er forventa å ligge nært ein stor tettstad i kommunen.
  • Det bør vera tilstrekkeleg med parkeringskapasitet ved startpunktet, eventuelt potensiale for utbetring. Erfaringar frå andre stader med tilsvarande prosjekt syner ei kraftig auke på aktivitet.
  • Det er ein fordel om beliggenheit er tilknytta eit allereie eksisterande turmål, også i forhold til eksisterande skilting og informasjon, i tillegg til avfallshandtering.
  • Vurdere om sti til og frå tålar auka trafikk og er godt tilrettelagt, med tilstrekkeleg skilting.
  • Adkomst bør vera enklast mogleg for flest mogleg, også for barn i barnehage- og skulealder.
  • Tilgjengelegheit til dagsturhytta heile året er ein fordel.
  • Lokasjon må avklarast i forhold til kulturminne med Innlandet Kulturarv.
  • Plasseringa kan ikkje vera over 1200 moh, på grunn av helikoptertransport.
  • Maks grense for plassering av Dagsturhytta frå farbar veg er 2 km i luftline på grunn av forenkling med berekning av pris for transport for leverandørar. 2 km i luftline er grovt rekna det dobbelte i terrenget.



Kjersti (19) og Katrine (21) er to av ti i Ringebu med det gjeveste reinsjaktkortet: - Artig å gjøre ting som ikke alle andre gjør

- Det beste er når en har gått noen timer, og ser et dyr i kikkerten. Da kjenner jeg på spenninga og nervene.



Disse elevene fikk oppleve ekte fiskelykke: - Kjempegøy, både for små og store

Vi møter tredje- og fjerdeklasse ved Kvam skole som tilbringer dagen nede ved Laugen.



Norsk rypeforvaltning vekker internasjonal interesse: - Vi baner vei for resten av verden

Norsk forvaltning av rypebestanden får internasjonal oppmerksomhet.