Forrågardane

Slik Gunnar Lien hugsar dei frå før i tida

Gunnar Lien fortel ut i frå gamle teikningar korleis dei gamle Forrågardane sto og såg ut.

Forrågardane: Teikninga som stod omkring 1900, er rekonstruert etter fråsegn frå Olaf Fårr (1893 - 1982). Teikninga er frå boka av ARne Berg; Norske Gardstun, Universitetsforlaget 1968. Merk at utfyllande tekst til bileta, ligg inne i saken. 

Nyheter

I store trekk er nok teikninga riktig, men nokre detaljar er feil, slik eg hugsar det. På både bygningen i Uppigard og på bygningen og stabburet i Systygun er mønet teikna i feil retning Møneretninga på desse husa skal ikkje vera på tvers av dalen (ut og opp), men i same retninga som dalen.