Forfattaren Synne Corell (f. 1973) er historikar, med doktoravhandling om framstillinga av okkupasjonen 1940-45 i norske historiekultur og historiebøker. Boka «Likvidasjonen» er spesielt interessant for Gudbrandsdalen, då forfattaren vier to utførlege kapittel spesielt til familien Karpol frå Sør-Fron, og deira liv og lagnad. Karpol-familien er også gjennomgangs-personar i tre andre kapittel i boka. Fyrst i forteljinga om NS-lakeien sakførar Wollert Wilhelm Valle og hans verksemd som «bobestyrer» for tilsaman sju «jødebo» i Hedmark og Oppland. Plyndringa av Karpol-heimen etter at dei tre syskjena var tekne i jødeaksjonen i oktober 1942, var det han som stod for. Historikaren Tore Pryser har i arkiva leita fram orda som Valle uttala direkte til gamle Gerson Karpol: «Samuel, søn din, var en hund, og vi nazister arbeider for å få avlivet slike karer». Corell siterer kva Valle skreiv om Klara Karpol til Statspolitiet i Oslo: «Hun er den mest ondartede i familien». Slik dokumenterer historikarane kva slags rå vondskap som låg til grunn for jødeaksjonen og den seinare likvidasjonen, plyndringa av jødisk eigedom. Såleis vert Karpol-familien og deira lagnad det som tydelegast levandegjer alt som løyner seg i omgrepet «likvidasjon», som i denne samanhengen ikkje handlar om mord, men om ran av eigedom, rettstryggleik, identitet og status i samfunnet.

Heile Karpol- familien: Gerson og Jette bak, så Esther (til høgre) og Klara, med Samuel fremst. Bildet er frå rundt 1918. Kjartan Ruset spør om nokon kjenner att huset - det kan være i frå Sør-Fron. Foto: UTLÅNT AV JØDISK MUSEUM I OSLO.

Auksjonen over Karpol-buet

Det var og lokale aktørar inne i bildet, som er omtala i kapitlet om lensmannen i Sør-Fron og hans rolle i Karpol-familiens tragedie. Og i kapitlet «Auksjoner» er det auksjonen over Karpol-buet i mars 1943 som for det meste er omhandla. Her vert det rørt ved eit skamfullt minne i Frons historie, då folk frå begge Frons-kommunar tok viljug del i auksjonen. Det er i seinare tid levert inn nokre få gjenstandar frå denne auksjonen, mellom anna skrivebordet og skrivemaskina til Samuel Karpol. Her kan det gjerast meir lokalt i Fron. Det er ei hovudsak i europeéisk forvaltning av kulturminne å samle inn ting som tilhøyrde ofra for Holocaust. Konkrete gjenstandar fortel historia på ein tydelegare måte enn ord og omgrep.

Corell viser kva grundig og nitid arbeid med allslags kjelder, frå arkiv og avisartiklar, frå folketeljingar, rettssaker og avhøyrsprotokollar, kan få fram om personar og hendingar. Det vert eit stort puslespel som tilsaman dannar eit fullstendig bilete. Ikkje minst gjeld dette familien Karpol, som kan ettersporast i mange ulike kjelder. I boka sitt utførlege namneregister er Karpol det namnet som nesten har mest oppføringar, gjennom heile boka på tilsaman over 600 sider.

Familien bodde i Skurdalsbrenna. Eiendommen kjøpte Gershon i 1918. Foto: Arkiv
Far Gershon og sønn Samuel. Foto: Arkiv

Gerson Karpols oppreising

Det kanskje viktigaste frå ein lokal synsstad, er at gamle Gerson Karpol sjølv kjem til orde, gjennom det Corell har henta fram av korrespondanse, vitnemål i retten og i avhøyr, der hans eigne ord levandegjer både livet dei har levd som flyktningar og innflyttarar, og det smertefulle tapet dei hadde lide, og den nedverdigande audmjuking dei måtte tole både under og etter krigen. Sjølv om familien Karpol hadde mange og gode venner i grend og grannelag, følte han nok at bygda, med leiarane i spissen, svikta dei. I brev til den nye lensmannen skriv Gerson Karpol i 1945: «Jeg skal ha rede paa alt hvad er skjedd, nu tar jeg dere til ansvar paa alt.» - Det spesielle med denne jødiske familien var at dei var så godt integrert og så vel likt i bygda, og difor vart fornedringa og audmjukinga dess sårare. Spesielt måtte den gamle faren ha kjent på dette på vegne av sonen Sam, som hadde tent bygda og folket så trufast heile sitt vaksne liv. Gerson Karpol sitt vitnemål føyer seg inn som eit sermerkt tilfelle blant norske jødiske lagnader. I etterordet «Om utvalg av personer og familier» skriv Corell: «De færreste jødene som levde i Norge i 1940 har etterlatt seg den mengden og typen dokumentasjon som finnes etter Oscar Mendelsohn, Eileen Bjørnson og Gerson Karpol. Det gjør dem takknemlige å skrive om, men det er samtidig viktig å være klar over at dette også gjør dem helt spesielle».

Ester Karpol (f 1901). Avbilda i boka Våre falne.

Minnehøgtid for Karpol-familien

For Fron og Gudbrandsdalen sin del utfyller Corells bok dei minne ein har om Karpol-familien, slik dei har kome fram i ymse artiklar i «Fronsbygdin», Fron historielag si årbok, og andre lokale publikasjonar. Det er gode og kjære minne om folk som ein gong var venner og naboar av familien. Desse tidsvitne er no borte. Dei måtte og vedgå at det var såre og skamfulle minne, ikkje minst knytt til auksjonen i 1943. Om dei lokale aktørane på NS-styret si side, ville desse vitne seie lite, men her står Corell som historikar fritt. Det er mykje trist å lese om denne sida av historia.

Det vart halde ei minnehøgtid for Karpol-familien, initiert ved sokneprestane i Sør- og Nord-Fron 26.oktober 2002, på 60-års-dagen for jødeaksjonen. Det vart starten på innsamling av minna om familien. På ei minnetavle ved krigsminnemuseet på Kvam er dei tre Karpol-borna oppførte blant dei krigsdøde i Fron. I 2019 vart det nedsett såkalla «snublesteinar» for dei tre utanfor kommunehuset på Sør-Fron. Mange i Fron har fått augo opp for kva denne familien i si tid betydde i våre bygder. Corell stadfester det tidsvitna lokalt fortel, at Klara, Ester og Samuel (Sam på folkemunne) var aktive og deltakande på mange område i lokalsamfunnet, som gode hjelparar og med-aktørar, og som gode medmenneske. Eit spesielt tilfelle har Corell henta fram: i samband med årsdagen for den tyske invasjonen, i april 1941,vart det arrangert ei markering for Ole Heimstad som fall i aprildagane 1940. På festen etterpå i ungdomshuset i Ruste, heldt prost Nordrum tale. Men det var ein tale til – av Samuel Karpol. Corell skriv: «Og han visste at han hørte til i et lokalsamfunn hvor han var en person mange kjente til, en som kunne tiltros vanskelige oppgaver i visshet om at han kom til å velge de riktige ordene». Eit talande vitnemål om kva posisjon Samuel Karpol hadde i Fron.

I oktober og november 1942 vart dei tre sørfrøningane Klara, Esther og Samuel Karpol arresterte av styresmaktene og deporterte til Auschwitz. Dei kom aldri attende til Sør-Fron. I mai 2018 vart Snublesteinane over Esther, Samuel og Klara Karpol lagd ned ved kommunehuset i Sør-Fron. Foto: Ole Magnus Røen

Summen av minner og dokumentasjon må bli meir ein nostalgi og kunnskap. I historia om jødane sin lagnad, med familien Karpol som eksempel, framstår historikaren sitt grundige arbeid som eit alvorleg varsko om kva som skjer når makta vert sett høgare enn retten, og vald og maktovergrep utan ein etisk basis får politisk aksept, også på lokalplanet. Det er eit varsel vi må ta på alvor slik tida er.