Det som ved fyrste augekast kan sjå ut som ei avansert sandkasse for leik med elementa, er i verkelegheita ein avansert modell av Fryasletta. Inne.

I skala 1:1500

Modellen er nedskalert til å passe på eine langveggen i hobbystua til Marcel – og er utstyrt med eit sinnrikt system av pumper og kraner. Og merk; dette er kompetansebygging, ikkje leik. For Ringebu kommune, der Marcel er avdelingsingeniør, har  utfordringar med lausmasse. Elveløp endrar seg stadig, og akkurat her, mellom Hundorp og Losna, blir mykje grus og sand lagt att gjennom eit år.

– Strekninga er nærast flat, med berre fire meter fall, fortel modellbyggaren.

Talmodellar som var utarbeidd i 1987, syner at botnmassetransporten inn i området er på 310 000 tonn, medan det ut i Losna går 140 000 tonn. Netto masse lagt att i Ringebu er temmeleg omfattande, altså.

Vassdragslaboratoriet i Øverbygda er ein modell av Gudbrandsdalslågen, med start frå rett før utløpet til Frya. Det er måling av vassgjennomstrømming per sekund i kvar av elvene, og eit system som sikrar konstant trykk. Masse i form av fin sand frå Frya og Herringen blir tilført, og modellen fraktar det med seg, og legg det att, på same måte som elva ville ha gjort.

100 prosent Lågen, 10 prosent Frya

– Eg kan setje Lågen i flaum og Frya i normalvassføring, eller eg kan snu på det. Målet er å sjå kva som skjer med massane som blir transportert med elva, seier han.

Avdelingsingeniøren har nemleg ikkje tenkt å leike med vassdragsmodellen. Rett nok har han har bygd opp modellen på fritida, men målet er at Ringebu kommune skal frå nytte av informasjonen han samlar inn gjennom modellen. Det skal koma planarbeidet og risikokartlegginga i kommunen til gode.

Han kom til Ringebu i 2011, og som han humoristisk seier det; dei tenkte vel at hollendaren har greie på vatn!

Frå minus seks til 630

Staden han kjem frå i Nederland, ligg seks meter under havnivå. Når han så flytta 630 meter over havet, til Øverbygda i Sør-Fron, skulle ein tru at det var for å sleppe unna flaum, men slik vart det ikkje. Det er akkurat dette arbeidet han er sett til å leie i Ringebu.

– Ein føresetnad for jobben min er å forstå kva som går føre seg i vassdraga, såkalla fluvialgemorforlogi. Så eg er ei ferd med å bygge på kompetansa mi, og har teke lynkurs i både geologi, kvartærgeologi og hydrologi, seier han.

Ikkje eit vondt ord om kommunetilsette, men alle er vel ikkje riktig så dedikerte at dei brukar fritida, og det meste av hobbyrommet sitt, til å bli betre? Småbrukaren på Nyfløtt er nok ikkje heilt innanfor ni-til- fire-formatet.

– Eg brenn litt for jobben min, skjønar du, avslører han.

«Øverbygda vassdragslaboratorium» er rett og slett berre eit resultat av det.

Ikkje berre tal

– I arbeidet med flaumsikring  og risikokartlegging blir det mykje gjetting. Det skal også byggast modell i eit dataprogram, i samband med Regionalplana om Gudbrandsdalslågen og sidevassdrag. Men det er berre tal. Eg er svært visuell av meg, og dette blir ein måte å samle tal på, frå visuelle observasjonar, seier Marcel.

Allereie etter nokre prøvegjennomkøyringar, ser han samanfallande resultat i modellen, som det folk i bygda har fortalt om. Til dømes at sandbanken over Lågen blir stor, når Frya går i flaum, medan Lågen er liten.

Fleire faktorar

– Sjølvsagt er det mange fleire faktorar enn det vi kan simulera i modellen som verkar inn på flaum. Og sjølv om modellen er korrekt nedskalert, er det likevel to faktorar som ikkje kan skalerast ned, og det er tid og tyngdekraft, seier han.

For å kompensera for desse to, må difor hellinga justerast litt. Dagen før Dølen var på besøk, kalibrerte Marcel modellen, og spyla den rein for «masse». No er den klar for å syne ulike scenarier av flaum, som kan bli brukt til bakgrunn for risikokartlegginga han driv med.

– Eg er ikkje fagutdanna i hydrologi, så eg må bygge den kompetansa sjølv, seier han.

Faglege råd til «laboratoriet» har han henta i Utrecht, hjå professor i hydrologi, Maarten Kleinhans. Han er spesialist på området og har bygd mange slike modellar. Videoar på youtube syner arbeidet hans med elvevifter og meandersystem.

– Her er elveløpet også bestemt av ein annan faktor, nemleg geologien. Her er det skyvedekke som møtest, og elva kan ikkje grave der ho vil, syner han på karta.

Løysinga for vatnet er at elva må djupare.

– Vatnet skal jo fram, det, konstaterer han.

Stikkrenner og bekkefar

Arbeidet med kartlegging av risikoområde, inneber mellom anna befaring i bekker og sideelver. Stikkrenner likeeins. Det står ikkje heilt bra til, i følgje Marcel, som har trakka opp og ned bekkefar i den siste tida.

– Det står dårleg til med stikkrenner, ikkje berre private, med også i fylkesvegar og riksvegar. I bekkene og langs elver er det mykje vegetasjon, som igjen skapar fare for flaumskred, fortel han.

Difor handlar ein del av prosjektet om bevisstgjering også, og på eit ope møte i Ringebu i går, var dette på agendaen. Dei som kom dit, fekk også sjå videoglimt av arbeidet med elvemodellen. Kanskje blir modellen fløtt ned til kommunen med tida – om den skal utvidast med resten av elvestrekninga i Ringebu, er det i allefall ikkje plass i hobbystua på Nyfløtt.