1. juni er den offisielle lanseringa av nettverket, som er nok eit ledd i arbeidet med å gjere landsbyen meir attraktiv.

– Vi tek det som ei sjølvfølgje med trådlaust nett overalt i våre dagar, derfor vil vi tilby det, forklarar Birgitte Bay, som er prosjektleiar for bolyst i Ringebu kommune.

Eit konkurransefortrinn

Kommunen har spytta i sin skjerv, mens fleire av butikkane i sentrum har gjort det same. Ein av butikkeigarane som ser nytta av tiltaket, er Hans Dahlberg på G-sport – sjølv om han var skeptisk i utgangspunktet.

– Eg trudde ikkje dette hadde så mykje å seie eg, men all erfaring frå andre stader viser at dette er eit konkurransefortrinn, seier Dahlberg.

For nå får alle som «heng» rundt i sentrum i Vålebrua gratis nettilgang via WiFi.

– Rekkevidda har vi ikkje full oversikt over, men dekninga er i fyrsteomgang kjerneområda i Vålebru, med parken, Kaupanger og butikkane, forklarar Magnus Rønningen, fagleiar IKT i Ringebu kommune.

Plusseffekt

Oppkoplinga skjer ved at ein etter å ha kopla mobilen eller datamaskina opp mot nettverket får tilsendt ei kode på sms for å logge seg på via nettlesaren.

– Og vi har allereie i testperioden dei siste to vekene sett at folk har oppdaga nettverket og brukt det, seier Rønningen so har registrert bra med trafikk, kvar dag.

Håpet er at gratis WiFi skal gi ein ekstra plusseffekt for landsbyen, ved at folk slår seg til ro lenger i samband med besøk på butikkar og kafear.

– Vi meiner dette absolutt er positivt, seier Dahlberg.

– Har eg kaffi og internett er i alle fall eg nøgd, seier Birgitte Bay.

Også i Fåvang sentrum er det planlagt gratis WiFi.