Ved slutten av skuleåret har elevbedriftene ved Skåbu oppvekst gjort opp rekneskapen, og kan etter det skrive ut ein sjekk på til saman 8578 kroner til "Leger uten grenser".

Elevbedriftene gir kvart år ti prosent av inntektene sine til ein orgnisasjon som driv hjelpearbeid, og i haust bestemte elevrådet at dei dette året ville støtte "Leger uten grenser". I tillegg har bedriftene gitt ein ekstra sum med pengar, etter at Nepal vart ramma av jordskjelv tidlegare i vår.

Elevane ved Skåbu oppvekst har også lært litt om hjelpeorganisasjonen, og dei har hatt besøk av ein lege som kom rett frå felten i Sierra Leone. Skulen har også jobba med "Leger uten grenser" sitt skuleprosjekt "Glemte kriser". Det skriv skulen på sine heimesider.

"Leger uten grenser" har takka for pengane i ein mail der dei skriv at dei lovar at pengane skal bli brukt på ein god måte.