I eit forsøk på å synleggjera felles sak, samla Arbeidarpartia i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu seg om eit opprop saman med faglaga for beitenæringa onsdag. Semja var stor om at rovviltpolitikken er ute av kontroll, med Midtdalen som særleg hardt ramma område i år.

Ikkje som intensjonen

Bonde- og småbrukarlaget i Oppland, Oppland sau og geit og Bondelaget i Oppland, skriv under oppropet saman med Ap-politikarane i Midtdalen. Oppropet vart overlevert medlem av næringskomiteen på Stortinget, Odd Omland frå Ap, i Skåbu onsdag. I oppropet heiter det mellom anna at rovviltforliket ikkje er forvalta etter intensjonane i Stortinget.

Forsamlinga møttes hjå sauebonde Ole Petter Berget i Skåbu, der fleire fekk lufta uroa si overfor stortingsrepresentanten. Ei av dei var Therese Rudi frå Ringebu, som står klar til å ta over eit bruk med hundre vinterfora sauer om nokre år.

- Eg forstår godt at folk ikkje greier å halde fram når dei går og leiter etter kadaver. Eg har utdanna meg for å bli beitebrukar, men eg veit ikkje om eg kjem til å tåle slike tap. Om utviklinga held fram, er eg redd vi ikkje kjem til å ha det flotte kulturlandskapet vårt særleg lenge. Det er politikarane som må ta eit val, seier ho.

Marthe Dypdalen er sauebonde i Sødorp, og seier at ho aldri har følt seg så hata som etter ho tok til med det - med skuldingar om at ho ikkje ser etter sauen, mellom anna.

- Eg har ikkje så mykje sau, så eg er på jobb om dagen, og om ettermiddagen er det å reise inni fjellet, for å sjå etter. Vi veit aldri når det skjer noko, og må vera til stades. Når ein då kan oppleve å få opp mot 50 prosent tap, tre år på rad, slik som naboen vår hadde til jerv, er det tøft. I fjor fekk ein teke ut ei jervetipe, og då hadde han 1 prosent tap, fortel ho.

Kan vera risikabelt

Pål Kjorstad frå Oppland sau og geit, tvilar på om Ap kjem til å flagge eit ulvefiendtleg syn nasjonalt, eller ta tak i bestandsmålet for ulv.

- Dei vil jo miste 500 000 stemmer momentant, det vil jo ikkje skje, meinte han.

Mariann Isumhaugen er leiar i Sør-Fron Ap og nestleiar av rovviltnemnda i Oppland, og meiner Ap burde vore meir på bana for Oppland sin del.

- Vi er jo samde på tvers av dei politiske linene i fylket, og eg saknar dialog med Ap sentralt om desse spørsmåla, seier ho.

Geir Grosberg meinte Omland hadde sett såpass på veg til Skåbu, at han forstod at det ikkje var stort anna å drive med enn jordbruk her.

-Kva skjer med den politikken som er ført nå, det er ein sikker veg mot nedlegging og næring som blir borte. Seks tilsette i ein stålullfabrikk som blir nedlagt, får nasjonale oppslag i media. For ein utkant som Skåbu er det større katastrofe når nokon legg ned gardsdrifta. Politikarane må sjå alvoret, og ta attende styringa frå direktoratet, seier han.

Krev bruk av helikopter og hund

Stortingsrepresentant Omland hadde stor forståing for fortvilinga frå ei pressa næring. Med bakgrunn frå sauebruk i Vest-Agder, meinte han å kjenne seg att i problematikken. Han lova å ta med innspela vidare, og understreka at rovviltforliket må følgjast opp med tiltak, som til dømes at det må følge med midlar til forvaltninga.

I oppropet krev politikarar og faglag nulltoleranse for rovdyr i prioriterte beiteområde, dei krev at jervebestanden skal ned til bestandsmålet ved halvering i Oppland. Dei set også krav om bruk av helikopter, snøskuter, laus drivande hund, og uttak på sporsnø, for å få meir effektiv skadefelling og lisensfelling. Samstundes krev dei meir lokal forvaltning gjennom rovviltnemndene og auka midlar til forebyggande tiltak og uttak av rovdyr.

- Forvaltninga må skje i tråd med det som er vedteke. Forvaltninga skal ikkje utøve skjønn, men gjennomføre vedteke politikk, heiter det i oppropet.

Dialogmøte torsdag

- Det er veldig synd om det skal bli ein front mellom beite og vern, for det handlar om distriktsproblematikk. Difor må vi stå saman, det er veldig øydeleggjande om det blir slike steile frontar, seier Rune Støstad frå Nord-Fron Ap.

Også Terje Holen, frå bonde- og småbrukarlaget, meiner det handar om anna enn rovdyrpolitikk.

- Det handlar om landbruk og matproduksjon totalt, om vi ikkje skal importere all mat. Eg meiner vi må ha forkjørsrett for landbruket, seier han.

Rovviltnemnda i Oppland har lagt sitt møte til Sør-Fron torsdag, og opnar med eit ope dialogmøte med næringa og fellingslag om den ekstraordinære situasjonen.

Therese Rudi frå Ringebu vil helst ta over gard med sauar om nokre år. Ho er usikker på om ho greier det, med slike tap til rovvilt som næringa opplever i sommar.