Rovdyrsommar:

Vil ikkje møte beitenæringa?

Landbruksministeren og klimaministeren planla tur til Vinstra for å møte gardbrukarar. – Men oss vil dei ikkje møte, hevdar landbruksorganisasjonane.

Miljøminister Trine Sundtoft er på Tretten fredag. Her saman med kommunikasjonsrådgivar Erik Aasheim (t.v.).   Foto: Guro Vollen

Gardbrukar Lars Ole Auglestad på Kvarvet i Sør-Fron skulle eigentleg få besøk av statsrådane.   Foto: Bjørn Sletten (arkiv)

Nyheter

– Vi må møte dem det angår, sa Trine Sundtoft til NRK Oppland fredag morgon.

Men landbruksorganisasjonane hevdar statsråden ikkje er interessert i å møte beitenæringa.

For da beskjeden kom torsdag denne veka om at landbruksminister Sylvi Listhaug og Klima- og miljøminister Trine Sundtoft sette kursen mot Midtdalen, var planen å møte næringa på Vinstra.


Rovviltsituasjonen:

Kvasse krav om tiltak

Beitebrukarar og politikarar står saman om opprop frå Midtdalen.

 

Natt til fredag kom kontrabeskjeden. Møtet blir helde på Stav i staden. Utan representantar frå landbruksorganisasjonane til stades.

– Det var ikkje eigna møtelokalar på Vinstra, derfor vart møtet flytta til Stav, seier avdelingsdirektør i Klima- og miljødepartementet, Torbjørn Lange, til Dølen.

Ikkje møtelokalar?

Ordførar Olav Røssum har ein litt anna versjon av saka.

– Dei orienterte meg om at dei skulle komme, og bad meg om å finne eigna møtelokalar, seier Røssum til Dølen.

Nord-Frons ordførar tek meir enn gjerne i mot statsrådar som han seier, og foreslo både aulaen på vidaregåande, Ruste bygdahus og møterom på kommunehuset, sidan kommunestyresalen var opptatt. Me plutseleg valde ministrane heller å halde møtet på Stav og Tretten.

– Det har aldri vore vår intensjon om å ikkje møte folk frå næringa. Vi heldt på i heile går, og det har vore eit puslespel å få det til, men vi har heile tida ønskt å møte folk, og er nøgd med at det har kome nokon, seier kommunikasjonsrådgivar i Klima- og miljødepartementet, Erik Aasheim, på telefon frå Stav.  

– Kva er grunnen til at landbruksorganisasjonane ikkje møter?

Torbjørn Lange tek ei lita pause.

– Kan du berre vente littegrann? seier han og blir borte eit par minutt.

– Slik vi har forstått det vart det for stutt varsel for organisasjonane, og det har vi forståing for. Dei er hjarteleg velkomne til Tretten.

– Var planen eigentleg å møte to gardbrukarar på Sør-Fron?

– Eg er ikkje kjent med detaljane kring dette. Nå skal vi møte nokre beitebrukarar på Tretten, seier Lange.

Ville treffe gardbrukarar

Gardbrukar Lars Ole Auglestad bekreftar imidlertid overfor Dølen at han og gardbrukarkollega Krestian Scheie fekk henvendelse frå departementet torsdag, om at ministrane ønskte å treffe dei, og dei aleine.

– Det passa ikkje så godt for oss, så vi meinte at dei kunne møte nokon frå organisasjonane i staden. Det var dei ikkje interesserte i, og dei ville heller ikkje møte rovviltnemda, seier Auglestad til Dølen.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg syns det er ganske spesielt, seier Auglestad, som allereie har tatt ned att sauane frå beite på grunn av rovdyrfaren.  

Får ikkje svar på brev

At Auglestad og Scheies forslag om å møte organisasjonane ikkje vart imøtekome av departementa, forbausar ikkje leiaren i Oppland bonde- og småbrukarlag, Terje Holen.

– Nei, det er slett ikkje fyrste gongen at dette skjer. Som organisasjon er vi ikkje velkomne, seier Holen til Dølen.

Det er ekstra provoserande, tykkjer Holen, med bakgrunn i at Bondelaget, Bode- og småbrukarlaget og Sau og Geit i midten av juli sendte brev til klimaminister Sundtoft, og kopi til Sylvi Listhaug, med forespørsel om eit møte angåande rovviltsituasjonen.

– Det brevet har vi framleis ikkje fått svar på, seier Holen.

– Taktiske byråkratar

Rein taktikk frå departementet, hevdar sauebonde Ole Petter Berget i Skåbu.

– Fyrst og fremst blir møtet skipa på frykteleg stutt frist, så blir det flytta frå Vinstra til Øyer i løpet av natta. Dei ønskjer ikkje å ha med seg faglaga. Dei er på friarferd og vil besøke enkeltgardbrukarar som deretter skal avbildast av riksmedia og seie at det har vore ein god dialog, tordnar Berget.

– Byråkratane brukar meir tid på slikt taktikkeri enn på sjølve rovdyrforvaltninga, legg Berget til.

Og sjølv om organisasjonane glimra med sitt fråvær på Stav i dag, er dei meir enn gjerne med på å møte ministrane, seier småbrukarlagsleiar Holen.

– Ja, men da må dei varsle oss i god tid, slik at vi får lagt fram korleis situasjonen verkeleg er for oss. Det må da vera stussleg for ein statsråd å reise på valkampturné blant gardbrukarane og ikkje éin gardbrukar møter opp, avsluttar Holen.