Lenger ut på landet kjem du ikkje, er Simen Skoe sitt slagord for Midtdalens nye kulturscene, Øykjelykkjesetra. Og sjølv om setra ligg langt av lei, har folk begynt å valfarte til seterperla på Sødorpfjellet.

For andre år på rad arrangerer Simen Skoe frå Sødorp konsertar, poesikveldar og kulturhappenings høgt over havet, langt frå folk. Under Peer Gynt-stemnet sette setra publikumsrekord under arrangementet «Segn og musikk».

– Da hadde vi 120 menneske inne her, fortel Skoe mens han serverer nytrakta kaffi og bestemors heimebakte feittbrød og Mor Monsen.

På kanten av feil

Skoe har lang fartstid som festivalarrangør. Særleg gjennom seks år i festivalen Edge of Wrong i Sør-Afrika, har Skoe snappa opp mykje.

– Ein må alltid vera litt på kanten av feil for å utvikle seg. Vi er alt for redde for det. Ta til dømes ungdommane eg underviser på vidaregåande – dei hadde grusa meg i det meste når det gjeld planlegging og slikt, men problemet er at dei ikkje tør. Vi er så redde for korleis vi blir oppfatta av andre.

Den filosofien har vore med å skape ideen bak Øykjelykkjesetra:

– Det som ikkje er heilt A4 kan også vera utruleg bra, seier Skoe. – Eg har ein elsk til spesielle konsertar og konsept. Her på setra sel vi ei oppleving i tillegg til sjølve arrangementa, legg han til.

Det ekte og unike

Og opplevinga ligg både innafor og utafor dørene på setra.

– Eg vil syne fram eit utruleg fint område, eit område som kanskje går litt i gløymeboka på grunn av at det ikkje er hyttebygging her. Men her er det ekte norsk natur.

Da Simen var liten var han alltid med bestemor med kua. Dei følgde alltid kua ut på beite, det var ikkje snakk om å berre sleppe ho utafor grinda. Og så var det å snike seg unna når kua hadde kome til rette plassen.

– Eg hugsar spesielt ein gong, det var siste turen med kua, eg var atten år. Bestemor sa til meg, «Sett deg ned nå, Simen. Dette øyeblikket skal du hugse i framtida, når du blir stressa». Og så satt vi der. Det var heilt stilt, vi høyrde berre naturen og bjøllekua. Der og da fekk eg ei oppvakning. Dette er så utruleg fint, fortel Simen. Rik blir han neppe på konseptet på Øykjelykkjesetra – men så er det da heller ikkje målet.

– Jo meir du tener, jo meir pengar bruker du på meiningslause ting. Eg har tre juicepresser og to smoothiemaskiner. Kva er vitsen? Her finn eg att meg sjølv.

Lanserer «særleiksskala»

Den opplevinga av det ekte, og unike opplevingar, vil Simen gi til andre. Men han veit at alt ikkje passar for alle. Derfor har han tenkt å utvikle ein «særleiksskala», der noko er «heilt innafor», mens noko er meir «ute».

– Det skal fungere både som ei åtvaring, og som lokkemat for publikum, smiler Skoe.

Og sjølv om publikum har strøymd til setra hans i sommar, seier han rett ut kva han meiner om dei som ikkje støtter opp om det som skjer i lokalmiljøet. – Det at folk har det så travelt, det handlar berre om prioriteringar. Ingen hugsar deg for dei sju episodane av Robinson eller Farmen som du måtte sjå. Kom på ting! Opplev noko! Eg likar folk som tek initiativ. Utan initiativ døyr vi snart ut her oppe, seier Skoe.

– Dette er jo galskap. Og utan familien og god støtte frå mellom andre Vegard Moshagen, hadde ikkje dette vore mogleg. Utan dei hadde eg vel endt opp som Peer Gynt sjølv. Eg tek berre ansvar for galskapen, seier Skoe takknemleg.

Skaldekampen på Øykjelykjkjesetra i slutten av juli trakk mykje folk. Foto: Dick Eduar/Øykjelykkjesetra