For etter ein underhaldande "fyrsteomgang", med mange sjåverdige innslag, var det til slutt klart for "finaleomgangen", og aleine på bommen satt hoppeldsjel Torfinn Scheie, årets kulturprisvinnar.

- La det stå til

Ein rørt Scheie takka for prisen med ei tale der han fekk god bruk for hoppmetaforar.

- Eg skal greie det, sa Scheie til latter frå salen.

- Dette er som når ein går utpå bommen, og så tør ein ikkje å sleppe den, heldt Scheie fram. - Og da kan ein gruve seg litegrann. Men når ein fyrst har sleppt bommen, da er det berre å la det stå til, sa prisvinnaren.

- Kulturprisen i mitt tilfelle, det er ikkje ein pris eg har vunne aleine. Dette er hoppmiljøets pris. Det er i alle fall hoppmiljøet som har gjort at eg har fått prisen, og der er det mange som er med og bidreg, slik at det blir eit godt miljø, og slik at ein gler seg til neste treningskveld, sa Scheie etter å ha turt å "sleppe bommen".

Scheie er den 25. i rekka av kulturprisvinnarar i Sør-Fron kommune. Prisen vart delt ut fyrste gong i 1986. På scena denne kvelden synte kommunen fram smakebitar frå det rikhaldige kulturlivet i kommunen.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen peikte i si tale på betydninga Scheie har hatt for hoppmiljøet, både i åra som hoppar, men ikkje minst som trenar og eldsjel. Hopprekruttane til Scheie synte også si takknemlegheit ved å gi ei rose kvar seg til prisvinnaren.

Les meir og sjå fleire bilete i papirutgåva av Dølen torsdag 2. februar.

Hopprekruttane til Scheie synte også si takknemlegheit ved å gi ei rose kvar seg til prisvinnaren. Foto: Bjørn Sletten