Torsdag blir nemleg sjølvangivelsen tilgjengeleg.

– Elektronisk sjølvangivelse gjer det enkelt for brukarane å levere, og fører til at enda fleire kan få skatteoppgjeret sitt i juni, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

Aldri har det vore enklare å gjere opp for seg på grunn av elektronisk levering.

– Samtidig er det viktig å minne om at du alltid må sjekke at opplysningane som er lagt inn stemmer, heiter det vidare i pressemeldinga.

Førehandsutfylt er ikkje ferdigutfylt

– Førehandsutfylt er ikkje det same som ferdigutfylt. Sjekk at opplysningane i sjølvangivelsen er korrekte og fullstendige, slik at du ikkje betalar for mykje skatt. Det kan til dømes vera frådrag du kan ha krav på som ikkje er ført opp, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Eitt skjema erstattar ni

Næringsdrivande kan ikkje nytte seg av leveringsfritak. Nytt i år er at alle næringsdrivande må levere sjølvangivelsen elektronisk. – Vi har laga ei ny, enklare løysing på nett for dei som driv eigen bedrift og gjer rapporteringa sjølv, seier Holte.

– Enkeltpersonføretak og aksjeselskap med enkle forhold vil spare mykje tid om de kan bruke skjemaet «Næringsrapport skatt», som erstattar ni forskjellige skjema for næringsdrivande, skriv Skatteeaten i pressemeldinga.

Frist 30. april

30. april er fristen for å levere sjølvangivelsen for lønstakarar og pensjonistar, mens 31. mai er fristen for å levere sjølvangivelsen for næringsdrivande.

– Førehandsutfylt er ikkje det samme som ferdigutfylt. Sjekk at opplysningane i sjølvangivelsen er korrekte og fullstendige, seier skattedirektør Hans Christian Holte. Foto: Skatteetaten