Det til trass for signal frå kommunal- og moderniseringsdepartementet om å kompensere ufrivillig små kommunar ved hjelp av skjønnsmidlar. (Sjå sak i Dølen torsdag 6. oktober.)

Utan partnarar

Fleire små kommunar, som ville slå seg saman med ei eller fleire nabokommunar, utan at naboane ville bli med, blir straffa økonomisk med dei nye rammene for kommunale tilskot. Ordførar Ole Tvete Muriteigen i Sør-Fron får med seg 30 andre kommunar i same situasjon, når han etter gjennomgang av statsbudsjettet torsdag konstaterer at lovnadar om skjønnsmidlar ikkje heldt.

- Vi må brette opp ermene her, det er vår fordømte plikt. Dette handlar om tenesteproduksjon og tilbod til innbyggjarane våre, seier han.

Han konstaterer at dei ufrivillig små ikkje blir kompensert nå, men at det skal opp att som tema i kommuneproposisjonen for 2018.

- Ville vore enkelt

- Det hjelper lite i 2017. Signalet fra statssekretær Kristin Holm Jensen til Kommunal Rapport, om at dette måtte bli kompensert gjennom skjønsmidlar, syner seg å vera berre tull, seier han.

Muriteigen meiner det ville vera kjempeenkelt for departementet å kompensera dette gjennom ekstra skjønnsmidlar til desse småkommunane allereie nå.

- Nå må vi vente. Men vi gjev oss likevel ikkje, og følgjer opp dette overfor kommunalkomiteen og Stortinget. Dei 31 kommunene som er kategorisert som "ufrivillige små" vil utarbeide ei felles uttale som utgangspunkt for oppfølging, seier han.