I følge politiet skal det i løpet av fredag kveld ha vorte meldt inn to fullbyrda bedrageri, der store beløp er tømt i frå konti.

Det skal dreie seg om beløp i hundretusenkronersklassa.

Dette skjer ved at det blir sendt ut ei lenke på SMS til «Digipost» Dersom denne aktiviserast, vil ein etter stutt tid bli ringt opp av «Sparebank 1 Østlandet», der ein kundebehandlar vil vere til hjelp med innloggingsproblem.

Dette er ein person som og vil be om kontonummer, mellom anna, samt koder. Der etter blir det om kort tid bli teke ut pengar frå konto.

– Vi ber folk om å ikkje aktivere lenke på denne måten. Logg inn på Digipost på vanleg måte, dersom du trur noko skal vere motteke, oppmodar politiet.