Laurdag var det offisiell opning av eit nytt tilbod til innbyggarane i landsbyen Ringebu. I den nye LandsbyBoden i Hanstadgata 13 kan privatpersonar, lag og foreningar og andre kostnadsfritt låne utstyr som trengs for å arrangere små og store arrangement og møteplassar i Ringebu sentrum.

– Det er mange bedrifter, lag og foreiningar som har samla utstyr til både det eine og det andre, men nå går vi saman om å samle det for å kunne låne ut, seier Hans Dalberg i marknadsforeininga i Ringebu.

Arrangement i sentrum

Blant utstyret ein nå kan låne heilt gratis, er mellom anna bålpanne, halmbunter, krittavler og lydanlegg.

– Det einaste kravet vi stiller er at det skal brukast til arragement i Ringebu sentrum, seier prosjektleiar for bulyst i Ringebu kommune, Birgitte Bay.

Det er marknadsforeininga som saman med Ringebu kommune har gått inn ei fireårsavtale om leige av tømmerhuset, som er eigd av Lions i Ringebu.

Les meir om saka i papirutgåva av Dølen torsdag.

Dansarar frå Loftet dansestudio var med og underheldt under opninga av LandsbyBoden. Og dei poserte villig vekk for fotografen! Foto: Bjørn Sletten