For jentene starta denne dagen litt tidlegare enn vanleg. Ein må nødvendigvis rekne noko lengre tid på skulevegen, når den skal tas til fots i staden for med buss, slik dei gjer til vanleg.

For allereie klokka 06.45 starta Elise og Mathea Bakken, medan Astrid Sjåstad hang seg på eit kvarter seinare. Blide og med godt pågangsmot, begynte ein fem og seks kilometer lang, bratt og svingete gåtur, ned til skulen på Vinstra.

Bakgrunnen for jentene sin spreke start på dagen er at skulen er med på Gå til skolen-aksjon, i regi av Miljøagentene.

Trekløveret frå Sødorp hadde eigentleg fått fritak frå å vera med på aksjonen, men jentene ønskte sjølve å bidra.

Eit eksempel til etterfølgelse, meiner vi i Dølen - som heiar på slike sporty skuleelevar.

Elise Bakken, Mathea Bakken og Astrid Sjåstad tidleg oppe og klare for den lange gå-turen. Foto: Privat