Dermed er det berre dei sakkyndige i saka som har konkludert annleis. Dei meinte den tiltalte vinstraværen var psykotisk, men tilrekneleg, noko forsvarar Sigurd J. Klomsæt gjekk hardt ut mot etter torsdagens møter i retten.

Overraska

Fredag la aktor, statsadvokat Jo Christian Jordet, fram sin påstand, som ikkje overraskande går på tvungent psykisk helsevern.

– Samtidig overraska aktor i dag, han konkluderte i sin påstand med at tiltalte var utilrekneleg i gjerningsøyeblikket, fortel Dølens reporter i rettssalen, Terje Lisødegård.

Aktor ville for øvrig ha retten til å avsi dom. Når det er avsagt dom, kan nemleg påtalemyndigheita reagere dersom dei ikkje er nøgd med noko tiltalte finn på seinare.

Påstand om frifinnelse

Mannens forsvarar, Sigurd J. Klomsæt begynner si prosedyre klokka 10.30 fredag. Etter det Dølen erfarer vil han påstå full frifinnelse på bakgrunn av nødverge.

– Alt anna enn det som dom, vil bety at saken blir anka, seier Klomsæt til Dølen.

Han seier tiltalte ikkje vil godta dom som går på noko anna.