Rådmann Per Lervåg tykte diskusjonen havna såpass på sida av innstillinga, at han såg det naudsynt å meir eller mindre be politikarane om å halde seg til saka.

– Det verkar som de vil overprøve dei vedtaka som er fatta av kommunestyret tidlegare, åtvara han, og la til at det i følgje Fylkesmannen ikkje er truleg at behovet for slike bustader vil bli mindre.

– Kommunen er bedt om å vera budd på fleire busettingar, det er ikkje ei oppgåve som kjem av og til, kommunen må tvert om implementere integrering i planarbeidet, påpeikte Lervåg.

Bygger billig

Bustadene vart vedteke bygd før jul, i budsjettbehandlinga.

Uttala frå rådmannen kom etter at spørsmål om kor vidt behovet var så stort, og om dette ville vera rett bruk av tomta i Gudbrandsdalsvegen, kom opp.

Vara Lars Skjeggestad Kleven (Ap) var positiv til bygging av slike bustader på Ulberg, men stilte spørsmålsteikn ved plasseringa av bustader mellom jernbana og E6, og peikte på at det også er ledige leilegheiter på St. Olavsplass.

– Har vi kartlagt andre stader i sentrum, både i Ringebu og Fåvang, spurte Kleven.

Varaordfører Kristin Teigen (Ap) meinte premissa var annleis enn føresetnaden i innstillinga, fordi kommunen nå har busett nesten alle flyktningane i 2016. Ho meinte også det ville vera rimeleg å sjå for seg at denne tomta kunne bli attraktiv til noko anna på sikt.

– Når vi kan bygge billige bustader på ei lite attraktiv tomt, som kan bli greie salsobjekt om ti år, dersom tomta skulle bli meir attraktiv, det er berre positiv, meinte Ole Asmund Sylte (Venstre).

Gruppemøte

Arbeiderpartiet laut til slutt be om gruppemøte, før dei kom att og gjekk inn for innstillinga til rådmannen. – Sidan det er nå moglegheita til gunstig finansiering er til stades, går vi inn for innstillinga, men vil påpeike at vedtaket frå i fjor seier at busettinga skal skje med ein kombinasjon av innleigde bustader og bygging, understreka Teigen.

Bustaden som står på den kommunale tomta i Gudbrandsdalsvegen vil bli rive, før ny firemannsbustad skal oppførast. På Ulberg er den aktuelle tomta byggeklar. Her vil det bli tomannsbustad. Vedtaket torsdag seier også at busetting i Fåvang skal skje dersom talet på flyktningar til busetting aukar vesentleg i høve til nivået i dag.

Det er i følge innstillinga tidspress for å få ferdigstilt bustadene, som er lagt inn i investeringsbudsjettet i år.