I høve utdelinga av kulturprisen til alle korpsa i Nord-Fron, er det sett saman ei framsyning med bredde og variasjon til ære for vinnarane.Det hadde ikkje vore vanskeleg å fylle to slike kveldar, lovar kunstnarleg leiar Vegard Moshagen.

Skulekultur på dagen

Han har samla trådane og fått på plass eit program som syner tverrsnittet av det som rører seg i kulturlivet i kommunen nå.

Og ikkje nok med det; som i ti år før, skal alle grunnskulane på føremiddagen ha ei framsyning på den ferdig rigga kulturkveldscena. Med proft ljos, proff lyd og på ei stor scene skal alle skulane syne sine innslag for kvarandre - kultur av og for kvarandre.

På kvelden blir det som vanleg to hovudfokus; sjølvsagt å heidre vinnarane, som er ekstra mange i år, med alle fem korpsa i kommunen.

Tverrsnitt

Det blir ulike sjangrar og ulike uttrykk, eit breitt tverrsnitt lovar Moshagen. På scena sit Fossajazz som husband heile kvelden - og dei framfører sjølvsagt Nord-Fronsangen etter arrangement av James Dickenson. - Vi kunne vald å fylle heile kvelden med korps, men dette er deira stund til å nyte, som prisvinnarar. Så dei får fri, vi får heller bruke dei att seinare år, seier Moshagen.

Som programleiar har Moshagen fått tak i ikkje ukjende Viggo Sandvik til å styre framsyninga - og som bidragsytar både vokalt og som trompetist. Ellers får vi mellom anna høyre frå kulturskulen, med utdrag frå jubileumsframsyninga Alvelandet, vi får høyre toneprisvinnar Mari Midtli, musikk- og danselina kjem, Haider Hamid kjem; han kunne Dølen-lesarane lesa om førre veke.

God plass

- Det er ei glede å velge innslag, det er mange som har mykje å melde, det er ei glede å ha så mykje å velja frå, seier Moshagen.

Og sjølv om prisvinnarane i år er mange, skal det ikkje by på problem, sjølv om kulturkvelden plar samle mange i Nord-Fron. - Det er ein av grunnane til å ha det i Vinstrahallen - det er plass til alle!

Haider Hamid er ein av dei nye stemmene som blir å høyre fredag. Foto: Tor Larsen