På veggane i Smia på Peer Gynt-huset heng det om lag 60 trykk og måleri signert Vegard Stalsberg. Det speglar kunstnaren godt, meiner venene.

– Vegard var ingen minimalist. Han var ei frodig og saftig type, seier Geir Kleppan til Dølen.

Saman med Stalsbergs kjæraste Karen-Merete Bruland, har dei tre kunstnarane Rolf Nerli, Geir Kleppan og Ståle Blæsterdalen plukka ut dei verka som til saman utgjer årets Peer Gynt-utstilling.

Stabssjefen

Her er både trykk, måleri og skulpturar, eller «spikkerier» som Stalsberg sjølv insisterte på å kalle dei. Nerli, Kleppan og Blæsterdalen har kjent Stalsberg i 40 år. Saman utgjorde dei «Staben», og kunstnargjengen arrangerte mellom anna årlege «Stabsmøter» – med Stalsberg som naturleg «Stabssjef».

– Stabssjefen er borte. Det er vemodig, men det er ei ære å få vera med  plukke ut og lage denne utstillinga, seier Ståle Blæsterdalen, som var Peer Gynt-kunstnar for to år sidan.

Vemodig

Også kjærasten til Vegard Stalsberg, Karen-Merete Bruland, tykkjer det er vemodig å arbeide med utstillinga.

– Det er det. Samtidig er eg svært glad for at det vart ei Peer Gynt-utstilling. Det er fantastisk å sjå den gleda han hadde i møte med Peer Gynt. Han jobbe med denne utstillinga i to år, og følte seg nok kanskje litt i slekt med Peer, seier Bruland til Dølen.

Stalsberg kjente også forestillingane ved Gålåvatnet godt. Han hadde sett både den «originale oppsetninga, jubileumsframsyninga «Selvets keiser» samt fjorårets nypremiere.

Peer Gynt-tema

Mange av verka vil vekkje assosiasjonar til Gålåvatnet hjå publikum.

– Temaet for utstillinga er så absolutt Peer Gynt. Vegard var svært inspirert av det stykket, og gjekk verkeleg inn i tematikken, seier Johan Mæhlum.

Det er Mæhlum og Galleri Zink Johan som har ansvaret for utstillinga under Peer Gynt-stemnet.

– Dette er kunst for folket, slik eg tenkjer at også Peer Gynt-stemnet er det. Dørstokken skal ikkje vera så høg, seier administrerande direktør i Peer Gynt as, Marit Lien til Dølen.

Ho fortel at det saman med familien til Vegard Stalsberg vart tatt ei avgjerd om at utstillinga skulle gå som planlagt etter at kunstnaren døydde brått i påska.

– Han var såpass langt kome i produksjonen og vi beslutta derfor at dette kom til å bli ein verdig og fin utstilling, seier Lien.

Utstilinga opnar laurdag 1. august, og den offisielle opninga blir ved Stortingspresident Olemic Thommesen.

Karen-Merete Bruland i arbeid med montering av utstillinga. Foto: Bjørn Sletten