I perioden mellom 17. og 31. august skal det ringast til ein av dei 100 verna telefonkioskane plassert på 98 stader, som folket har nominert dei siste vekene. Den som lyftar av røret i andre enden, vinn 1 million kroner!
I Midtdalen har vi berre ein slik kiosk, og den står på Vinstra stasjon.
Hemmeleg oppringing
Det kan derfor bli folksamt på perrongen eit par vekers tid framover i påvente av potensiell milliontelefon.
- Vi gjennomfører ei trekning av ei tilfeldig rekkjefølgje på alle telefonkioskane, og startar på toppen av lista og ringer. Oppringinga skjer mellom den 17. og den 31. august, men berre få personar hos Norsk Tipping veit når vi ringer og til kva for ein telefonkiosk, seier Ingrid Roterud Mathisen i Norsk Tipping.
Ukjent vinnar
Telefonkiosken på Vinstra telefon kom seint med i nominasjonen, men er nå altså Midtdalens representant i konkurransen. Frå og med måndag strømmar Norsk Tipping live frå eventen.
- Eg har ringt mange vinnartelefonar dei siste åra, men da har eg eit namn på vinnaren framfor meg når eg ringer. Nå anar eg ikkje kven eg treffer i andre enden, så spenninga er til å ta og føle på, seier Roterud Mathisen.