Rune Hermansen og Jon Stensrud frå Vinstra er to av 50 norske fotografar som er med på utstillinga som opna i Athen denne veka.

Fotografia som er utstilt, er frå årboka for 2015 til Norsk Selskap For Fotografi.

Stensrud er med med bildet "Moskus på Dovrefjell under vinterstormen Nina", mens Hermansen er representert med fotografiet "Morgenstemning ved Voldsdammen".

Vagværen Kjell Stålevik er også med på utstillinga, skriv lokalavisa for Ottadalen, Fjuken.

Rune Hermansen er ein av to vistraværer som stillar ut i Athen denne veka. Bildet er frå Vollsdammen i Nord-Fron. Foto: Rune Hermansen