69-åringen frå Vinstra som sit tiltalt for drapsforsøk nekta straffskuld da saka mot han starta i Sør-Gudbrandsdal tingrett måndag.

Måndag forklarar båe politimennene som var ved den tiltaltes heim den dramatiske novemberdagen i 2014 seg.

- Politimannen som vart skote, har avlagt ei svært sterk forklaring, fortel Dølens reportar i rettssalen på Lillehammer, Terje Lisødegård.

Sterk forklaring

Politimannen frå Ringebu fortalte retten om oppdraget som plutseleg gjekk frå velferdssjekk til dramatisk operativ handling.

- Vi ringte på døra, da vart det retta eit grønt laserljos rett mot augo. Deretter kom tiltalte ut i døra med ei dobbeltløpa hagle, fortalte politimannen i retten.

Politimannen prøvde å flykte, men vart skoten i ryggen. Deretter skal den tiltalte ha retta hagla mot den andre politimannen, men bomma med skotet, i følgje politimannen si forklaring.

Dølen kjem attende med meir