Kvart år deltek tusenvis av skuleelevar, konfirmantar og engasjerte ungdommar frå ulike lag og organisasjonar på ein såkalla demokrativerkstad på Utøya.
Dei dreg dit for å lære om terrorangrepa 22. juli 2011, og korleis dei aktivt kan fremje demokratiske verdiar og stå opp mot anti-demokratiske haldningar i samfunnet.
Ungdomsfestivalen endelig tilbake: – Her er det bare supergrumme ungdommer
Dobbelt så mange ungdommer oppgir at de drikker i ung alder: - En kan få tak i hva en vil på Snapchat
Najonalt læringstilbod
Nord-Fron kommune har vedteke at kvart årskull i kommunen i åra framover skal få ein dag på Utøya, for å lære, minnast og engasjere, som er orda som går att i undervisningsprogrammet.
Det Europeiske Wergelandsenteret (EWC) er eit ressurssenter for opplæring i demokratisk medborgarskap, menneskerettar og interkulturell forståing, som driv opplæringsprogram i dei 47 medlemsstatane i Europarådet.
EWC har samarbeidd med Utøya og 22.juli-senteret sidan 2016 om etablering av eit nasjonalt læringstilbod knytt til Utøya og Regjeringskvartalet.
Årene på videregående ble et mareritt for «Nina»: - Skulle ønske de voksne satte rammer
69 vart drepne
I førre veke var turen komen til avgangselevane ved Vinstra ungdomsskule.
Dette vart fire unike timar for dei 52 ungdommane, som fekk med seg omvising på Utøya og besøk i Demokrativerkstaden, i tillegg til ymse læringsaktivitetar.
564 personar var på Utøya 22. juli for tolv år sidan. 69 av desse vart drepne under terrorangrepet.
Ungdommene har bygd sin egen kunstpark: - Artig å lære av ekspertene
– Desidert sterkaste
Fem av 10. klassingane, som vi tok ein prat med, er samstemte i oppsummeringa av besøket på Utøya:
– Dei siste vekene på skulen har vi førebudd oss til denne turen. Men å vere her gjev eit heilt anna inntrykk enn å sjå film og lese om hendingane. Dette er faktisk ekte!, seier Astrid Sjåstad, Matthew Pan-Aud, Amund Sylte, Ole Kristian Gunnarstuen og Sindre Kristian Brenden.
Elevane er klare på at dei ikkje visste heilt kva som venta dei på øya, der så mange rundt deira alder mista livet.
– Besøket i kafèbygget var det desidert sterkaste. Her vart mange drepne, og vi kunne sjå kulehol i veggane, bilde av mange av dei som mista livet der, og minnesmerke og blomar som familie og venner hadde lagt ned, fortel dei.
Før kom ungdommen og spurte etter sommerjobb: - Noe har skjedd
Lærdom og engasjement
Dei legg til at også minnesmerket som er sett opp var spesielt å sjå.
– Det sirkelforma minnesmerket som dei etterlatne hadde fått satt opp, med namna til de 69 som vart drepne, ga også svært sterke inntrykk, seier dei.
Elevane meiner ein slik tur gjev dei mykje verdifullt på vegen vidare i livet.
– Gjennom besøket på Utøya fekk vi eit inntrykk av kva som eigentleg skjedde 21. juli. Vi tek med oss mykje lærdom og engasjement vidare, seier Astrid, Matthew, Amund, Ole Kristian og Sindre Kristian.