Eit titals næringsdrivande i Kvam, særleg knytt til servicenæringa, møttes for å sjå kva som kan gjerast for å møte utfordringa med E6 utanom sentrum.

Satsar på sentrum

Utgangspunktet for møtet var prosjektrapporten gruppa som har jobba med tidlegare kulturvegprosjektet, no Gudbrandsdalsvegen, har utarbeidd. Ei rekke tiltak i Kvam sentrum skal jobbe mot ein negativ effekt av omlegginga til ny E6 utanom tettstaden.

- Omsetnaden vil rase nedover og arbeidsplassar vil bli borte, seier dei verste framstillingane frå forskarhald, om vegomlegginga.

Difor tek kvamverane grep, vil utvikle sentrum og dannar ny marknadsforening.

Moglegheiter for å bli synlege frå tunnelenden og satsing på eit sentrum for langsamtrafikantar langs Gudbrandsdalsvegen. Tilrettelegging også for lokalbefolkninga. Sentrum skal innby til å stoppe, og alt som er av tilbod skal vera synleg og samla, og vende seg mot vegen. Det er nøkkelorda dei seks i interimstyret tek med seg inn i arbeidet for Kvam.

Langsiktig

Dessutan har Kvamverane tenkt meir langsiktige tankar, som at stasjonen kan bli trafikknutepunkt for heile Gudbrandsdalen, med bussar og hovudstoppestad for tog.

- Vi har god plass til parkering, det har korkje Vinstra eller Otta, seier Ole Kristian Rudland, som har vore med i kulturveggruppa, og understrekar at det må vera lov å tenkje litt stort og høgtflygande.

– Vi har eit kjempebra utgangspunkt i Kvam, alle vil det beste og vil hjelpe kvarandre for å bli betre i felleskap. Her har vi alt, seier interimstyremedlem Gro Wiktorin frå Hageland Bjørke.

I tillegg til næringsdrivande frå Kvam deltok også Frank Asle Mathisen frå Midt-Gudbrandsdal næringsforening, og areal- og næringssjef i Nord-Fron kommune Egil Tofte på møtet.

Med seg i styret har Gro Wictorin Ingvild Selfors, Gunn Strandheim, Joachim Tungen, Simen Killi og Pål Johansen.