Rapporten vart bestilt av utvalet på bakgrunn av artiklar i Dølen i løpet av våren.

Den peikar mellom anna på at grunnlaget for å kun intervjue ein av to kandidatar, er for tunt.

– Kommunens prioritering når det gjeld å kalle inn intern søkjar til intervju, som einaste søkjar, tykkjest ikkje godt nok grunngjeve, heiter det i uttala, som er oversendt kommunestyret.

Ulik behandling

Utvalet meiner det ikkje er gjort tilfredsstillande saksutgreiing eller likebehandling, når berre ein av kandidatane, vart kalla inn.

– Det kan sjå ut som det i utgangspunktet er to likeverdige kandidatar, med ulike fortrinn, heiter det.

Rapporten peikar på at det ser ut som arbeidsgjevars vurdering av dei personlege kvalifikasjonane var avgjerande i tilsettingsprosessen. Dermed er ikkje utgreiingsplikta gjort godt nok, når den eine søkjaren ikkje fekk høve til å grunngje sin søknad overfor kommunen på lik måte som den andre.

Habilitet

KUV meiner også at ein av deltakarane i tilsettingsprosessen burde vore erklært inhabil.

– Vedkommande burde ikkje delteke i prosessen, og denne ville framstått meir ryddig og korrekt dersom leiinga i kommunen hadde vurdert dette annleis, og særleg er dette viktig i saker som vedrører internt opprykk for nære medarbeidarar, heiter det.

KUV meiner likevel ikkje dette er nok til at administrasjonsjefens vedtak er ugyldig som følge av sakshandsamingsfeil.

– Det er tvilsamt om inhabilitet under førebuing til vedtak har hatt avgjerande betydning for utfallet av saken, er meldinga til kommunestyret.

Det er heller ikkje funne sakshandsamingsfeil som tilseier at vedtaket frå administrasjonssjefen er ugyldig.

Inntrykk utad

Men dei meiner ei anna prosessgjennomføring ville skapt eit betre inntrykk utad, og mot eksterne søkjarar.

– Det er også viktig for framtidig rekruttering at tilsettingssaker framstår som ryddige og korrekte, avsluttar KUV, som oppmodar til gjennomgang av kommunens rutiner og retningsliner i tilsettingssaker.

Dølen 11. mai 2017: Dølen har i fleire oppslag i mai omtala saka. Foto: Dølen
Dølen 4. mai: Dølen avdekte saka om rektortilsettinga ved Vinstra ungdomsskule. Foto: Dølen