Ein av dei kontrollerte førarane må belage seg på å bli fotgjengar, etter å ha vorte stoppa for å ha køyrd 76 kilometer i timen.

- Ein førar vart anmeldt og fekk førarkortet beslaglagt, melder politiet på Twitter.

12 førarar vart vinka til sides i kontrollen, og fekk forenkla forelegg.  Kontrollen var gjennomført ved 17-18-tida i går kveld, melder politibetjent Bakken ved lensmannskontoret i Midt-Gudbrandsdalen.