Kreative har dei i alle fall vore, barnehagebarna ved Hiet – friluftsbarnehagen på Harpefoss.

Tidlegare er det funne støyt-tenner frå mammut både i Kvam og på Fåvang. Nå melder Sør-Fron seg på i «konkurransen» om mest eksotiske paleontologiske funn!

– På ein av våre mange turar i Hardvollsmarka, fann gjengen frå Hiet «dinosaurbein»! Vi fann fleire bein og hovudskallar, fortel Ragnhild Giverhaug på Hiet – utevdelinga i Harpefoss barnehage.

Sklidd på glovarm lava

Om det er snakk om autentiske dinosaurbein er vel heller tvilsamt. Men kven bryr seg eigentleg?

– Barna meinte det måtte vera frå dinosaurane som levde for tusen millionar år sidan,  i alle fall tjue år siden! Dei låg ved ein vulkan, så dinosauren måtte ha sklidd på glovarm lava og døydd, smiler Giverhaug.

I følgje relativt sikre kjelder er det fyrste gongen det er funne "dinosaurbein" i Hardvollsmorka. Så vidt vi veit er heller ikkje vulkanar oppdaga i dette området før, så her står sensasjonane i kø.

– Vi tok med oss beina attende til barnehagen og kokte dei, før vi så sette dei saman – og jammen vart det eit dinosaurskjelett, avsluttar Giverhaug.