I møte med den digitale kvardagen, tilbyr Telenor gjennom prosjektet "Internett for alle" gratis kurs over heile landet. Over tredve midtdølar var med fredag.

Motivasjon

Saman med Expert på Vinstra, tok dei imot midtdølane til opplæring i generell bruk, appar og navigering på telefonen/nettbrettet. Da Dølen var innom gjekk praten over telefonar og nettbrett utan stans, medan snapchat, yr-appar og andre moglegheiter vart prøvd ut.

- Eg kan jo nesten ingenting, anna enn å sende melding og ringe. I dag har eg lært at eg ikkje treng å vera så redd for å leite meg fram på telefonen sjølv. Dessutan ser eg at det kan vera mange nyttige moglegheiter eg ikkje har brukt. Eg er motivert for å finne ut meir, seier ei av deltakarane på kurset.

Kursing ut 2017

Kursansvarleg Benedicte Øygard seier kursturneen er ein del av Internett for alle-prosjektet til Telenor.

- Vi har ei målsetting om å hjelpe alle digitale brukarar i gang på nettbrett og smarttelefon, vi ser at det er ei gruppe som ikkje får tatt i bruk dei moglegheitene ein har, seier ho.

I løpet av eit år held dei omlag 500 kurs over heile landet. Alt frå generell bruk som å låse opp telefonen til navigering i menyar og nedlasting og bruk av appar er med i kurset.

Kursa blir halde saman med lokale aktørar, både offentlege og private. Det er eit mål for mobilkonsernet å halde på med slike kurs ut 2017, fortel Øygard.