Det er politiet i Innlandet som melder om hendinga like før klokka 19.00 onsdag kveld.

Trafikkuhellet har skjedd i inngongen nord i tunnelen. Det er framkommeleg for anna trafikk, i følge politiet.

– Ein person er involvert. Framstår ikkje som alvorleg skada, opplyser politiet.

Det er noko skader på køyretøyet, og materielle skader i vegbana.

– Fører er mistenkt for å vera påverka, melder politiet.

Naudetatene var raskt på staden.