Sidan 2013 har Multikulti gjort Vålebrua til ei smeltegryte av synsinntrykk, lukter og smakar frå alle verdshjørne, den fyrste helga i juni.

Som ein slags felles nasjonaldag, for alle ulike nasjonalitetar og kulturar som er busett eller held til i Ringebu, og med bidrag frå mange av dei. I år blir det mellom anna stomp-orkester, volleyball i parken, ikkje minst mat, dans og kunst. Musikk i gågata blir det også. Arrangementet er gratis og ope for alle. Og det er meldt bra vær ...