Det er Synne Solberg frå Harpefoss og Tobias Bjørkhaug frå Vinstra som skal hjelpe oss i Dølen denne sommaren.

Synne jobbar også som frilanser for lokalavisa elles i året, medan Tobias var innom Dølen på praksis da han gjekk på ungdomsskulen.

Spennande historier

Synne er 20 år og bur på Harpefoss. Ho er akkurat ferdig med eit årsstudium i allmen litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo.

– Til hausten skal eg studere «prosjektledelse kunst og kreativ næring» ved Høyskolen Kristiania, fortel Synne, som elles likar å lese bøker, spele og drive med handarbeid på fritida.

– Eg gler meg til nok ein sommar i Dølen. Ikkje berre ar ein gode kollegaer her, men møter også mange forskjellige folk med spennande historier. Ein får verkeleg utfordra og utvikla seg sjølv i dei oppgåvene ein skal løyse, seier Synne.

Givande å vera i kulissene

Tobias er 18 år og bur på Vinstra og er glad i å ta bilder og å vera i fjellet. Han er akkurat attende etter å ha vore eit år i USA. Til hausten byrjar han i tredje klasse på Vinstra vidaregåande skule.

– Med så mange internasjonale impulsar er det fint å kome hit og tenke lokalt. Det kjennes litt ut som eg ser verda gjennom eit par med journalistbriller, så det er morosamt å gjere det til ein sommarjobb, seier Tobias, som meiner ein blir kjent med dalen på ein ny måte gjennom å jobbe i lokalavisa.

– Nå veit eg kva som ligg bak artiklane. Det er givande å vera i kulissane og sjå korleis ei historie tek form, seier han, og legg til:

– Sjøl om det kan vere skummelt å prate med nye folk, og at Dølen gir meg et slikt ansvar, så er det mest av alt artig. Ein må ut av komfortsona, og eg lærer så mykje. Eg er her med så dyktige og trivelige folk.