Dagbladet skriv fredag kveld om det dei kallar eit namnekupp.

Det var regionavisa GD som fyrst omtalte denne saka, etter at høgrepolitikar Ragnar Jacobsen i Nord-Fron lanserte namneforslaget på eit fells formannskapsmøte for Midt-Gudbrandsdalen før jul.

Dei siste dagane har "namnekuppet" skapt reaksjonar. Men mannen bak ideen, Ragnar Jacobsen, meiner framleis det er eit smart val.

– Eg meiner at Gudbrandsdalen er eit så godt merkenamn at det må vera lurt å bruke det til å seje fokus på den nye kommunen og dens moglegheiter. Samtidig byggjer det identitet. Det står eg fortsatt ved, skriv Jacobsen på si Facebook-side fredag.

Kritisk nabo-ordførar

Men at midtdølane skal "kuppe" namnet til "heile" dalen har falt mange tungt for brystet.

Mellom andre Sel-ordførar Dag Erik Pryhn, uttaler seg kritisk til midtdølane sitt namneønske.

– Dei tek eit namn som har ei mangehundreårig historie som namn på eit dalføre kor dei utgjer berre ein liten del, seier Pryhn til Dagbladet.

Ringebu-ordførar Arne Fossmo meiner derimot midtdølane har sitt på det tørre.

– Såvidt eg har fått med meg, kjem opphavet til Gudbrandsdalen-namnet frå Dale-Gudbrands gard i Sør-Fron, så det skal faktisk vera Midtdalen det kjem frå, seier ordføraren til Dagbladet.

Applaudert frå eks-ordførar

Tidlegare ordførar i Lom, Simen Bjørgen, applauderer midtdalspolitikarane for namnevalet.

– Det kjem til å bli kraftfullt det utviklingsarbeidet som no skyt fart i midtdalen.Berre synd at dei andre kommunane vert ståande att på perrongen, skriv Bjørgen på si Facebook-side.

Våre tre ordførarar har allereie sikra seg domenenamnet gudbrandsdalen.kommune.no.

Folkeavstemming

I mai skal innbyggarane i Midtdalen gå til urenene og seie sitt om kommunesamanslåing mellom Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.

Kommunestyra i dei tre kommunane skal så vedta samanslåing i møta sine i juni.