Om lag 50 deltakarar frå til sammen 13 hjelpekorps i Oppland, deriblant hjelpekorpsa i Midtdalen, deltok i helga på haustens store samling på Espedalen Sportell.

Ingen alternativ

Fungerande lensmann Gaarden innleia samlinga med å formidle politiet si oppfatning av samarbeidet med hjelpekorpsa, skriv Røde Kors i ei pressemelding.

- Eg kan oppsummere betydninga av samarbeidet med Røde Kors Hjelpekorps med tre ord; Det betyr alt! Utan hjelpekorpsa sin kompetanse og innsats er det mange sakna som ikkje hadde vorte funne att. Det finst per i dag ingen alternativ til den søk- og redningsinnsatsen hjelpekorpsa utførar, så politiet er heilt avhengige av denne enorme frivillige innsatsen, uttalte Gaarden.

Bruker fritida si

Frøningen Rune Magnar Bjørkheim har vore sentral i planlegginga av samlinga i helga. Han håper deltakarane vil sitte att med både fagleg og sosialt påfyll etter helga.

- Betydninga av innsatsen hjelpekorpsa legg ned er stor. Dei bruker mykje av fritida si på å hjelpe andre, og nå har dei satt av ei helg til kompetanseheving, så eg håper dei nå vil reise attende til eigne korps med ny motivasjon og inspirasjon, seier Bjørkheim.

Leder i Nord-Fron Røde Kors Hjelpekorps, Arnfinn Grambo, holdt et lærerikt og nyttig miniseminar om «Transport av sårede utenfor vei». Foto: Elin Heier Jorstad