«Jakten på selvtilliten», som hadde premier på Inntunet på Vinstra onsdag kveld, handlar om korleis 10-åringen Jens får hjelp til å finne att sjølvtilliten sin. Som dei fleste barn og unge drøymer Jens om å vera flink på mange område, som på fotballbanen eller i klasserommet.

Problemet er at han manglar sjølvtillit, blant anna på grunn av tankelause kommentarer frå både jamnaldrande og vaksne.

Får att sjølvtilliten

Hallvard Olai Stuen spelar Jens, som på si reise gjennom drømmeland treffer både ei drømmeprinsesse og gode hjelparar som til slutt gir han sjølvtilliten attende.

Gjennom ei rekkje fengande songnummer og dialogar mellom Jens og hjelparane får kulturskulen både fram essensen i stykket, og dei får ikkje minst synt fram breidda i arbeidet til kulturskulen i Fron.

Musikalen er regissert av dramalærar ved Fron kulturskule, Henrik Slåen, og har skuleframsyningar torsdag.

Det er lov å danse på stolen når ein har fått att sjølvtilliten! Foto: Bjørn Sletten