Sidan 2013 har det vore eit bygge- og deleforbod i Kvam. I møte før sommaren bad Nord-Fron formannskap om at planutvalet skulle få ei sak om ny vurdering av forbodet i august.
Krevjande
Til møtet tysdag rår rådmannsleiinga (RL) utvalet til å oppretthalde forbodet heilt til Vassdrags- og energidirekoratet seier det er trygt. NVE seier tryggleiken fyrst er god nok når botnlastsperre nummer to er ferdig i Veikledalen.
Gjør Kvam tryggere
Forbodet i Kvam er bygd på plan- og bygningsloven, og er i følge rådmannsleiinga samansett og komplisert. RL ser at dei som ikkje får sluttført oppattbygging er i ein krevjande situasjon, men at kommunen som ansvarleg planmyndigheit likevel ikkje kan gå på akkord reglane dei er sett til å forvalte, heiter det i saksinnstillinga før PU-møte tysdag. Kommunen er også rådd til setje bygge- og deleforbod, både fra departementsnivå og NVE.
- Alternativet med å oppheve bygge- og deleforbodet før botnlastsperre to er ferdig, vil være i strid med tilrådingane fra NVE. En slik oppheving vil være uansvarlig overfor innbyggerne i Kvam sentrum, samtidig som kommunen påtar seg et stort ansvar som forvaltningsmyndighet. Et ansvar som kan medføre erstatningsplikt dersom noe skulle skje før NVE har fått sikret området tilstrekkelig, heiter det vidare.
Går inn for å dekkje husleiga
Vil framskunde bruriving
Eit anna element er at NVE og Statens vegvesen nå også ønskjer at Kamp bru skal rivast og bli erstatta tidlegare, for å unngå at brua kan bli ei "propp" ved eventuelle ny skred i sidene oppover Veikledalen. Opphaveleg var det tenkt at denne brua skulle stå slik den er, fram til botnlastsperre 2 var ferdig, men det har nå kome signal frå dei statlege instansane om at dette bør skje før bygge- og deleforbodet blir oppheva. Den nye brua skal vera utforma for å auke flaumtryggleiken i Veikleåa.