Politiet fekk melding om ei utforkjøring med personbil mellom Brynsbakken og Brattliflata på Vinstra ved ti-tida onsdag kveld.

- Sjåføren er ei 18 år gamal jente, og førarkortet hennar vart beslaglagt på staden, noko ho samtykka til. I bilen var det med tre jamnaldringar som passasjerar, seier Per Solberg ved operasjonssentralen.

Politiet har mistanke om høg fart. Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring. Alle dei fire i bilen vart undersøkt ved legevakta, men det skal ikkje vera personskader.

- I meldinga til politiet er det meldt om at bilen har gått rundt, men denne sto på hjula da politiet kom til staden, seier Solberg.

Bilen skal ha kjørt utfor vegen i ein sving.