Førre gongen var alt klart på førehand, og spela inn live med ein jazzkvartett over to dagar i operaen i Oslo. Nå går Ida heilt solo, på plata som kjem i mars.

Fyrsteplata The Blue and Wise Cats kom i 2013. Sidan har Ida opparbeidd seg større tryggleik i musikken, og er tryggare på vala ho tek. Dessutan har innspelinga av den nye plata vore med på flyttelasset heim til Sør-Fron i løpet av fjoråret.

­– Eg har utvikla meg mykje på dei åra, både nivåmessig og at eg er meir trygg på vala eg tek. Eg har funne min klang, seier ho.

Heim med ny lyd

Vi møter saksofonisten frå Harpefoss i Soundthief Studio på Telegrafen på Vinstra.

Sidan sist har Ida Rønshaugen også endra måten å lage musikk på, ho har forelska seg i den vesle lyden frå eit nytt instrument og står også nå heilt solo i det nye prosjektet. Medan ho sist hadde med ein kvartett, nå står ho for det meste sjølv.

– Ein tre-spors loopstation har endra på måten eg lagar musikk på, seier ho.

Kort forklara er loopstation ein opptakar, som spelar inn ein viss musikksekvens, for så å køyre han ut att i «loop», altså opp att og opp att. Slik kan ho legge til fleire lag musikk medan ho spelar, vera sitt eige band. Ida fekk tak i ein slik, etter at ho gav ut førre plata, og seier det er ein heilt anna måte å tenkje på når ho lagar musikk.

– Det er ei heilt ny verd, seier ho.

Tidlegare har ho skrive noter til alt.

– Eg har skrivi ned alt på noter før, gjennomkomponert det. Nå skriv eg ingenting ned lenger, og brukar heller opptakar for å  hugse.

Liten lyd utan bystøy

Det nye instrumentet ho har lagt sin elsk på er ein kalimba, ein slags fingerpiano med metallfjører til «klaviatur». Utan forsterkar er lyden liten og skjør.

Denne vesle lyden har fått betre kår i studio på Vinstra. Sjølv om lyden vi får høyre på ferdig innspeling er stor, kunne ei passerande ambulanse eller ein bremsande trikk øydelegge eit opptak medan dei heldt på i Oslo.

– Det er ein så utruleg fin fargepalett den tilfører. Eg er veldig glad i den, og den er med på kanskje halvparten av låtane, seier ho.

Plata som nå tek form, tok altså sine fyrste rytmiske steg i Oslo, i eit studio. Avslutninga skjer på Telegrafen på Vinstra, med Ida som komponist, artist og produsent, i studioet til teknikar og ektemann Bent Bredeveien.

– Eg har med Bent fordi han er ein flink lydteknikar. Og så tykkjer eg vi samarbeider bra, seier ho.

Han har dessutan rolla som kvalifisert synsar. For det er mange vanskelege val i prosessen.

– Det er viktig å ha nokon til å høyre på og til å gje attendemeldingar. Det er ekstra nyttig når det er eit slik soloprosjekt – med band får du jo masse undervegs, seier ho.

Å gjera seg ferdig

Måten å spela inn musikken på har også endra seg sidan sist.

– Det blir noko heilt anna, da hadde eg to dagar innspeling live. Da må alt klaffe, og ein får ikkje gjort meir, seier ho.

Nå jobbar ho med innspelinga litt på same måten som ho lagar musikken.

– Bent blir på ein måte loopstation for meg i innspelinga. Vi får til ein del ting som eg ikkje greier live med loopen, seier ho.

Og legg til at problemet nå er å bli nøgd med det som er gjort – å greie å seia seg ferdig utan å flikke meir.Folk som var til stades på kulturprisutdelinga i Nord-Fron før jul, fekk høyre litt av den nye lyden, både loop-station, kalimba, rytmeegg og sjølvsagt saksofon.

På plata spelar ho alt sjølv, bortsett frå på fire spor, der Katrine Schiøtt er med på cello.

– Eg hadde aldri skrivi noko for cello før, så det var veldig artig at det funka så bra, seier ho.

Stemningar i opptak

Framleis er det klangen av saksofon som spelar hovudrolla. Og med ein raud tråd i kalimbaen og dei melodiske linene i låtane. Og for fyrste gong med song.

– Eg korar her, det har eg aldri gjort på eigne prosjekt før, og førebels er dette kun som underlag til saksofonmelodien, seier ho, men dreg litt på det.

For prosjektet er jo ikkje heilt i land ennå.

Alt mogleg kan inspirere ny musikk – stemningar i naturen og i ho sjølv. Tittelsporet Storm er konkret knytt til ei naturoppleving, men vanlegvis er det meir generelle stemningar som dukkar opp.

– Ofte får eg berre ein ide som poppar opp, i form av ei melodiline eller eit riff, som eg bygger vidare på. Ideane kjem ofte frå stemninga eller sinnstilstanden eg er i, seier ho.

Regel nummer ein når ho lagar musikk er å øyse ut alt, få det på opptak, og heller sile etterpå og vera kritisk da. Slik unngår ho at potensielt gode idear blir begrensa i starten.

– Eg har begrensar meg aldri når eg komponerer, det er betre å kaste det som ikkje blir bra etterpå, seier ho.

Definisjonsspørsmål

Å definere musikken sin i sjanger er ikkje lett. Ho er inspirert av ulike uttrykk, og meiner plata kjem til å vera variert, samstundes som det er ein raud tråd.

– For meg er det ikkje så viktig å ha ein sjanger å putte det i, men det er jo greitt å kunne forklare korleis musikken er, seier ho.

Ho og Bent diskuterer litt att og fram, og er samde om at det er ein pop-produksjon, men det er absolutt  ikkje ei pop-plate. Ikkje eingong pop-jazz, det er ikkje så smooth.

– Melodiøs jazz, kanskje, landar den sjangerplasseringa litt svevande på.

Til saman skal det vera ni spor, og den kjem i mars. Da har ho sett deadline.

– Eg må ha noko å gå etter, ein tidsplan. Det er mange ting som skal inn i den, mykje rundt som skal på plass, i høve til releasekonsertar, mastering, fotoshoot, grafisk design og slik.

Førebels står ho aleine for alt, og er ikkje sikker på om det blir både plateselskap og promotionselskap, eller kva ho skal gjera sjølv – alt eller berre noko.

Big in Japan

Musikkbransjen har endra seg veldig mykje dei siste ti-åra, og også dei tre-fire åra sidan sist Ida ga ut plate. Om det i det heile tatt er snakk om ei fysisk utgjeving av plata er ho heller ikkje sikker på ennå.

– Kva slags format den kjem i, og om det blir med eit eksternt plateselskap, veit eg ikkje ennå. Eg har prata med nokre, og det er fordelar og ulemper med det, seier ho.

Så er det heller ikkje salet av plater som lenger utgjer den store inntekta for artistar. Plata har for dei fleste vorte eit produkt som bygger opp under konsertar, det er det ein får att økonomisk for.

Og ho lovar at det blir konsert lokalt, sjølv om kanskje ikkje hovudpublikummet er her.

– Akkurat det var litt spesielt på den førre plata, 15 prosent av streaminga og digitalt sal var gjort i Japan, seier ho.

Det betyr ikkje at det blir konsertturne i Japan med det fyrste, men kanskje i Tyskland. Det er ein stor marknad for norsk jazz, og det er visstnok slik at Japansk publikum også ser litt på kva som er populært i Tyskland.

Med eit innhaldsrikt år bak seg jobbar ho fram mot ei avslutning av prosjektet,  som starta medan ho og Bent budde i Oslo. At innspelinga har vore med på eit flyttelass og fått slike praktiske pauser, trur ho også kan ha påverka det ferdige resultatet.

– Det skjer mykje undervegs i prosessen, og kanskje tek eg andre val nå. Det er i alle fall mindre støy og stress her, seier ho.

Denne saka stod fyrst på trykk i papirutgåva av Dølen 5. januar. Abonnere på Dølen? Klikk her!

Med seg i studio har Ida Rønshaugen mannen Bent Bredeveien. Han ville ikkje fått vore med om han ikkje også var ein veldig bra teknikar, får vi høyre. Foto: Guro Vollen