Egil Kristiansen frå Vinstra og Fåvang blir ny langrennstrenar for herrelandslaget i skiskyting.

Det er TV2 som skriv dette måndag kveld.

Blir offentleggjort tysdag

I følgje kjelder TV2 har vore i kontakt med skal Kristiansen, som takka for seg som langrennstrenar i april, ha vorte ein stadig meir aktuell kandidat for jobben i skiskyttarlandslaget.

Kristiansen har etterkvart ei fantastisk merittliste som trenar for langrennsjentene. Nå skal han sørge for å få fart på skiskyttargutane i sporet.

Trenarteamet skal offentleggjerast på ei pressekonferanse i morgon, tysdag, skriv TV2.

Dølen kjem med meir etter pressekonferansen tysdag.