2015 var året da debatten om kommunereform for alvor skaut fart. Ein frøning vart partisekretær i AP, flyktningkrisa nådde Midtdalen og det vart valt nye kommunstyre.
1 / 22Dølen
Året 2015 starta med nedslåande nyhende for dei som har eit bankande hjerte for Gålå. Gålå Høgfjellshotell var nok ein gong i svært hardt vêr og gjekk inn i det nye året med ei gjeld på 27 millionar kroner. Eigarar og drivarar heldt skuta meir eller mindre flytande nokre få veker inn i det nye året, men 3. februar var det slutt: Gålå as var konkurs. Da begynte ting og skje, og i midten av februar kunne Dølen fortelje at Gålå Eiendom inkludert Gålåvatnet var selt til lokale eigarar, Pål Egil og Solveig Rønn. Med Morten Midtskog på plass som eigar på Gålå høgfjellshotell og nye drivarar med positiv giv i alpinbakken, ser utgangen av 2015 langt ljosare ut enn inngangen når det gjeld Gålå.