For det er fortsatt liv i baksiun, kan vi slå fast, etter å ha fått vore med på konsert i gymsalen på Harpefoss skole, som ligg nettopp i baksida.
På heimebane
Tysdag kom nemleg sjølvaste Trond Halle på besøk. Med kassegitar, mikrofon og forsterkar, varta han opp med ekte dølarock for elevane i heimbygda til bandet Baksia. Og at Halle var på heimebane, var det liten tvil om. Allereie før konserten, kunne vi høyre elevane nynne på dei kjente låtane. Det er ingen tvil om at songane til bandet lever i beste velgåande, også hos dei yngste.
– Vi gler oss til konsert, slår Malin Reitan, Ammar Konjhodzic og Tomas Løften fast. Dei kan også mange Baksia-songar, og nemner både Ut på ski og E hæte Asbjørn Kvætkakulien.
– Eg har sunge med Trond før også, eg. På Vinstra, fortel Tomas, rett før dagens artist spelar dei fyrste tonane.
Godt publikum
På rad og rekke kjem songane, på ekte dølamål. Halle fortel om kor mykje han lengte heim att til Gudbrandsdalen og baksida,den gongen han budde i Oslo.
– Kår e det fint, hen?, undrar Halle.
– I baksida. På solsida. I Tyskland, svarar elevane.
– Og kvar er midt i verda?, spør Halle.
– Der du er, ropar ein.
Og akkurat det svaret meiner Halle er eit intelligent svar. Ofte kjennes det ut som ein er midt i verda,sjøl om ein kanskje bur langt borti baksida.
– Å synge for born, synes eg er ganske så fornøyeleg, seier Halle til Dølen.
– Dei er eit godt og lydhørt publikum, dei er takknemlege å spele for. Det er triveleg for meg å gjere noko anna enn å spele laurdagskvelden, smiler han.
Livat og lentaug førtiåring
Eigen dialekt
Halle har den siste tida besøkt skular både i Ringebu, Fåvang og i Sør-Fron.
– Eg håpar at eg kan få kome til fleire skular også. På konsertane pratar eg litt om det å synge på eigen dialekt. Og så er det artig å høyre at mange av dei kan songane frå før, seier Halle.
– Ein fin hobby for ein fersk pensjonist?
– Ja, nå har eg mykje tid på dagtid, og god anledninga til å reise ut til skulane, seier Halle.