Tradisjonen med førjulskonsert i Sør-Fron kyrkje er like gamal som lina sjøl. Og som tilhøyrar må ein undervegs minne seg sjølv på at desse elevane ikkje har gått der alle desse åra.

Høgt nivå

Kvalitetsnivået på prestasjonane er imponerande stort. Mange av dei er også aktørar som har vore på andre scener; her er "erfarne" folkemusikarar, korsongarar, bandmedlemmar, korpsaktørar og dansarar. Det høge nivået vitnar om ambisjonar både frå lærarar og elevane sjølve. I stor grad lykkast dei veldig godt med å nå desse. Vi får frysningar av framføringane, og let oss imponera over både utstrålinga på scena, og den sjølvsagte måten dei slår eige på scenerommet. Dei eig alle, som fyller kyrkja frå fyrste til siste sete, frå Alta Trinita Beata tonar inn, til den fører oss ut att etter konserten. Flott gjennomført!