Evje forlet hytta på Natrudstilen på Sjusjøen i Ringsaker klokka 05.45 onsdag 3. mai.

Han var da kledd i ei blå Norrøna fleecejakke/genser, ei svart friluftsbukse og fjellsko/vintersko. Den sakna er 170 centimeter høg.

Mogleg observasjon

Politiet melder at den siste moglege observasjonen av den sakna vart gjort langs Messenlivegen, fylkesveg 216 vest for Mesnalia, seinare same dag, klokka 13.30.

Dei ber også folk som er i Ringsakerfjellet i helga vera observante ute i terrenget og ved hytter i området.

Kontaktinfo

Dersom du har informasjon eller opplysningar til politiet om saken, kan du kontakte Innlandet politidistrikt, på telefon 02800 eller 625 39 000.

Politiet har leitt med store styrker, og det har vore brukt både ATV, snøskuter og hundesøk. Mange frivillige og organisasjoner er med. I tillegg ville flytenesta i Norges Luftssportsforbund delta i søk, meldte nrk.no i går, torsdag.

Det leitast med full styrke etter den sakna Stig Ingar Evje. Foto: Privat/Politiet