Gleda var stor i bruktbutikken, da den anonyme storprodusenten kom innom førre torsdag. Mange av dei pent handstrikka strømpene, vottane og luene er allereie pakka til julegåver. Dei blir sendt av garde som ein del av hjelpearbeidet til organisasjonen bak Ting og Tøy, Ny start i øst.

Stor arbeidsinnsats

Fleire barnegenserar i fine fargar og mønstre var med i same sendinga, likeeins bukser og skjerf. Gleda var difor stor hjå butikkengjengen, som alle arbeider frivillig som medarbeidarar.

– Det må ha teke lang tid å strikke alt dette, meiner dei.

Og om ein reknar ein snittpris på 50 kroner for ein femtigrams bunt garn, fire-fem buntar for kvar av dei 8-10 genserane, og ein bunt for alle dei femti par sokkane – vel, det er eit reknestykke om gåvmildheit.

Ludvig Svendstad og medhjelparane i butikken set stor pris på den rause gåva, og det gkjer tydelegvis kundane også. Allereie tysdag var fem-seks av genserane, og mange par strømper og luer, seld ut att frå butikken på Vinstra.

– Dette er populære saker, melder butikkhjelp Kari Nordli tysdag, og syner fram dei få plagga som er att.

Butikken som snart feirar fem år i Lomoen, melder elles om kjempebra omsetnad i sommar, og trur omlegginga av vegen har vore positiv for deira del.

- Vi hadde veldig stor trafikk i juli, og ein omsetnad på oppunder 170 000, fortel Ludvig Svendstad.

bilettekst: Som varmt kveitebrød: Varene kom inn førre torsdag, nå er dei nye strikka plagga snart seld ut. Her dei som er att, synt fram av Petra Sigstad g Kari Nordli, som er butikkmedhjelparar på Ting og Tøy.