May-Britt og Edvard Moser får godt selskap av forskarrotter når dei kjem for å motta årets Peer Gynt-pris fredag.
De blir årets Peer Gynt
Fredag er det nemleg høgtideleg utdeling av Peer Gynt-prisen på Gålå, ein pris som i år går til May-Brit og Edvard Moser. Ekteparet Moser vart kjent for heile Norge da dei i fjor vart tildelt Nobelprisen i medisin for deira verdsleiande arbeid med hjerneforsking.
– Denne dagen feirar vi dei med musikalske innslag i lag med store og små forskarar, skriv Peer Gynt-stemnet i sitt program, og lovar dansande og snakkande rotter, med og utan retningssans.
Lokale programleiarar
Og når det gjeld programleiarar står ikkje Peer Gynt-prisen noko attende for Nobel-prisen.
Dei siste åra har Nobelkonserten mellom anna varta opp med programleiarar som Will Smith, Claire Danes, Tom Cruise og Sharon Stone. Gålåvatnet og Peer Gynt har hyra inn to velkjente forskarrotter frå Søre Lia i Sør-Fron, Ole Anton Fossehagen og Ivar Hovden!
Det er stortingsrepresentant Marit Arnstad som deler ut prisen i år.