Fredag ettermiddag tek Annis pølsemakeri på Ringebu imot Dale, før han etterpå reiser til Countryfestivalen på Vinstra.

- Lokal matproduksjon og reiseliv som distriktsnæring er stikkord for turen, skriv landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding onsdag.

Besøket hjå Annis byr på både omvisning og smaksprøver, og prat med eigar.

- Eigarane har i flere år gjort ein stor innsats for lokalmaten gjennom produktutvikling og innovasjon basert på lokale råvarer, heiter det i presseskrivet.

Matoppgradering på Countryfestivalen

Fredag kveld skal ministeren vera gjest på Countryfestivalen, som tidlegare har vore oppmoda av matministeren til å servere lokal mat. Dei har for fyrste gong i år har med seg Gudbrandsdalsmat, med stand og utsal av mat frå produsentar i Gudbrandsdalen.

Laurdag kjem Dale til å besøke standen til Fåvang sau og geit, som grillar utanfor Bunnpris i sentrum. Grillinga er del av ein landsomfattande aksjon for bruk av lammekjøt på grillen, som Norsk sau og geit arrangerer i samarbeid med kjøtbransja.