Den einaste forskjellen var, at Kvam ikkje greidde å hente seg inn, som tyskarane gjorde her om dagen. Kampen fredag gav tre poeng til STEIL, som er i botnen av tabellen.
Kommentator-hjelp
Fyrste målet på Kvam idrettspark kom straks kampen var i gang, målscorar var Pål Hallvard Virik. Ei stund var det ganske jamt, utan mange sjansar. Men STEIL heldt fram, om ikkje i eit forrykande tempo, så i allefall etter kvart med gode sjansar, og gjekk snart opp til 2-0, etter corner. Målscorar var Torger Kvålen.
– Dei får mål på sjansene, nå, det har dei ikkje fått før i år, kommenterer Tor Rønshaugen, æresmedlem i STEIL, og fast tilskodar på kampane.
Han vart verva som sidekommentator av Dølen denne kvelden - saman med Bjørn Risdal og Steinar Veslum, også dei på STEIL-enden av tribuna.
Mål på sjansane
At STEIL får mål på sjansane syner seg snart å vera sant, for ikkje lenge etter er stillinga 3-0, når Sigurd Brendløkken scorar.
- Det er sjanse på sjanse til STEIL, nå, seier Tor nøgd.
Ikkje lenge etter får Kvam ei god sjanse etter frispark, men ballen går rett utanfor, og nullen står, saman med Tom Erik Hoel i STEIL-målet.
Fyrsteomgangen går mot slutten, og Rønshaugen tykkjer sjansane kjem jamt, og meiner det kunne vore både fire og fem mål.
- Kvam har ikkje mange sjansene utanom frisparket, og manglar avslutningar mot mål, meiner Risdal.
Det kjem også kommentarar på tempoet i kampen.
- Med dette tempoet kan dei kanskje halde heile kampen, kjem det spøkefullt.
Rett før pause blir det straffespark mot Kvam, og Torger Kvåler scorar igjen.
– Dette greier dei vel ikkje greie å rote bort heller, meiner kommentatorane frå Skåbu til pauseresultatet 4-0.
Harde tak utan mål
Etter pause blir det litt meir trykk frå Kvam, og dei får ein del sjansar medan STEIL blir ståande litt stille. Men mål blir det berre på STEIL.
Johannes Ekre er sist på ballen ved 5-0.
Etter dette er det meir fart frå Kvam ei stund, utan uttelling. Kommentarane på STEIL-tribuna tykkjer det blir lange ballar frå gutane, og litt lite springing. Men dei kjem attende, og Iver Ottar Veslum scorar 6-0-målet.
Duellane hardnar til ei stund, og ei tøft møte rett utanfor 16-meteren til Kvam, resulterer i skot rett utanfor målet for STEIL.
- At det ikkje blir kort på nokon, er vel fordi båe var like harde, meiner Bjørn Risdal.
Kvam hentar fram litt ekstra på slutten av kampen, og er nære scoring, mellom anna etter corner, rett utanfor. STEIL blir litt defensive, men Kvam kjem heller ikkje heilt igjennom. Dermed kan laget på botnen av tabellen reise heim med full pott. - Det var godt med seier, det har vore mykje motgang, seier Tor Rønshaugen.
Og på ein kveld som denne legg han til, at det er positivt med lag att på Kvam.
- Det er bra at det vart så mange lag i dalen, att, seier Rønshaugen.
Unge spelarar
Kvam er ikkje nøgde, men trenar Bjørn Einar Sanden meiner det er naturleg med litt opp og ned, sjølv om det er veldig kjedeleg med eit slik resultat.
- Ein frykteleg kamp, vedgår han.
- Det vil jo svinge, det veit vi. Sist hadde vi vår beste kamp. Men eg tykkjer unggutta greier seg bra. Ein kan ikkje forvente at dei går opp og styrer ein kamp. Vi skal halde fram å trene bra, fram til vi får trena inn samhandling mellom spelarane. Det kjem etter kvart, seier han etter kampen.
Før kampen kunne Sanden fortelja at dei denne fredagen stiller med eit av dei yngste laga til nå. Heile fire spelarar er femtenåringar, i tillegg til seksten- og attenåringar. Pluss nokre rutinerte frå stallen som går frå 15 til 55 år.
- Vi har hatt veldig gode treningar gjennom sommaren, med to treningar kvar veke. Det har vore godt oppmøte, fortel han.
Han legg til at fokus er på at kvar enkelt spelar skal ha utvikling, i tillegg til å ha det artig med fotballen.