Før sommaren vedtok regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen å løyve inntil 100 000 kroner til vidare utgreiing omkring kor ein eventuelt kan etablere fengsel i Gudbrandsdalen. Dette er fyrst og fremst eit ledd i arbeidet med å skape fleire arbeidsplassar i Midtdalen.

Frya Leir eit alternativ

Frya Leir er den mest aktuelle staden for eit fengsel i Midtdalen, bekreftar regionrådskoordinator Jan Sandbakken.

– Midt-Gudbrandsdalen ved regionrådet har presentert Frya Leir som eit alternativ for etablering av nye soningsplassar, etter initiativ og innspel frå den private eigaren, Polmar Skar, seier Sandbakken.

Alle tre regionane i dalen, det vil seie Lillehammer-regionen, Midt-Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen, er einige om å ha ein felles prosess på å presentere gode alternativ, og samle seg om det alternativet som blir vurdert som det beste. Dette etter at ulike alternativ er kartlagt og vurdert.

– Dei tre regionane har hatt møte med Opplandsbenken på Stortinget, Gudbrandsdal Politidistrikt, og kontakt med Kriminalomsorgen. Dette for å samle tilgjengeleg informasjon og etablere dialog. Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal har gjort ei første grovkartlegging og ein foreløpig presentasjon av Frya Leir, sier Sandbakken.

Konkretisering

Dette er ein prioritert sak, seier Sandbakken, og for Midt-Gudbrandsdalen sin del er det behov for ytterlegare faktainnhenting og konkretisering.

– Dette arbeidet er starta nå etter sommarferien, seier han.

Som del av dette arbeidet inviterer dei tre ordførarane i regionen seg til snarleg møte med politisk leiing i Justisdepartementet, men det er førebels ikkje avklart når det blir.