Ragnhild Bjørge frå Fåvang var med på vinnarteamet bak filmen "Where is she now", som tok heim to prisar i International Filmmaker Festival of World Cinema i London i helga. Filmen var nominert i fire kategoriar, og vann to av dei, for beste regissør og beste film.

Koreograferte kampscener

Dølen skreiv om skodespelar og stuntkvinna frå Sør-Fåvang for nokre veker sidan, då ho mellomlanda heime på Bjørge. For tida held ho nemleg på med innspelingar av ein TV-serie i Taiwan. I filmen som vann, hadde ho trena og koreografert til ei av slåsscenene. Det var med elevar frå sin tidlegare skule, høgskulen i Oslo. Ho hadde også ei rolle i filmen, som er regissert av hennar tidlegare lærar frå Hollywood, John Henry Richardson.

- Det var så mange filmer med i festivalen at det eigentleg var litt uverkeleg å vere blant dei nominerte, men enno meir då dei ropte opp filmen vår...og så to gonger da, seier Ragnhild Bjørge til Dølen sundag ettermiddag.

Ho tykkjer det var stas å kunne delta på "red carpet" og at å representere den norske delen av filmen var ei stor ære.

- Utruleg moro å sjå at noko du har lagt mykje tid og arbeid i, får så god attendemelding, seier ei glad Fåvang-jente.

Ragnhild la ut dette biletet på facebooksida si, etter at to prisar var innkassert. Ragnhild nr. to frå høgre. Foto: privat